...
Illustrasjonsfoto Foto: Bent Are Iversen

Loggførte treåring i barnehage

Meinte guten var skiten, fillete og seksuelt utagerande. Foreldra er sjokkerte.

Ingunn Osland
Ingunn Osland Profil E-post
Publisert 19.09.2012 kl 10:11 Oppdatert 19.09.2012 kl 10:11

Tips ein venn på e-post:

Foreldra føler seg krenkja av påstandane, og fortel om ei traumatisk tid. No krev dei oppreising og orsaking frå eigaren av barnehagen, Flora kommune, skriv Bergens Tidende i dag.

Kan ikkje kommentere

– Vi kan ikkje kommentere dette, utover at klagen vil bli handsama etter reglane, seier kommunalsjef for skule og barnehage, Guri Langaas.

Foreldra meiner dei er grovt trakasserte og motarbeidde i den kommunalt eigde barnehagen. Dei hevdar også at tilsette i barnehagen må ha brote teieplikta.

– Andre foreldre slutta brått å helse på oss. Vi sjølve ante ingenting om mistankane mot oss, seier mora til den no fire år gamle guten til BT.

Politiet la vekk saka

Etter ei kort etterforsking, inkludert dommaravhøyr av treåringen, avslutta politiet saka utan å ha funne grunnlag for mistanken om at guten var seksuelt misbrukt.

– Det stemmer at vi opna ei undersøking av denne saka, men den vart avgjort utanfor straffesak og er no avslutta, seier politiadvokat Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt til BT.

Kritiske til barnehagen

Familien har lite å utsetje på måten barnevernet og politiet har handtert saka. Men dei er svært kritiske til korleis barnehagen har gått fram.

Ifølgje BT starta barnehagen å loggføre korleis guten oppførte seg i barnehagen, og skildrar at guten skal ha utvist seksualisert åtferd overfor andre barn, og at han også har vore valdeleg.

Foreldra reagerer også på måten dei sjølve er omtala på i saksdokumenta, som dei har fått tilgang til. Mor blir skildra som forknytt, og far som mistenksam og ein person som ønskjer å ha kontroll.

Flytta frå Florø

Familien er no flytta frå Florø, noko som var planlagt før denne saka kom opp.

Dei er no i ferd med å etablere seg, og har også familie i nærleiken. Familien har ifølgje BT teke saka svært tungt.



På forsiden nå


Dagens AvSTEMMING

Bør fylkeskommunen halde fram med Hordalandsavtalen?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 503

...

Lokal krigsveteran avslører mishandling

Nyhende Eks-førdianar Asbjørn Grande fortel om ti år som soldat i utanlandsteneste. Les meir

...

Krafttak for Førdefjorden

Nyhende Fjordaksjonen «Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe» slår 1. juni på stortromma i kampen for å bevare Førdefjorden. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.