...
Illustrasjon Foto: Aas-Jakobsen

Ein milliard billegare?

Nye tal gir bruforkjemparane blod på tann

Ingunn Osland
Ingunn Osland Profil E-post
Publisert 19.09.2012 kl 08:35 Oppdatert 19.09.2012 kl 08:35

Tips ein venn på e-post:

Ei ny moglegheitsstudie syner at Nordfjordbrua (ved Anda-Lote) kan byggjast for om lag 1,9 milliardar med flytebruteknologi, i staden for hengjebru som det tidlegare har vore snakk om. Dette er 1 milliard mindre enn det som tidlegare har vore lagt til grunn, skriv selskapet Nordfjordkryssing AS i ei pressemelding.

2,1 mrd i bompengar

Nye berekningar syner eit høgare brukarfinansieringsgrunnlag enn tidlegare berekna. Dette på grunn av auka trafikkmengd og oppdatert modellverktøy frå dei statlege transportetatane. Med ferjetakst pluss 40 prosent påslag vil ein følgje nye tal frå Sivilingeniør Helge Hopen AS kunne finansiere heile 2,1 mrd i bruinvesteringar med bompengar

Jublar

– Dei nye rapportane er gledelege, og forsterkar konklusjonen i den ferske kvalitetssikringsrapporten frå Terramar om at ein mindre korridor for E39 over Nordfjorden er den i særklasse mest framtidsretta og samfunnsøkonomisk beste løysinga, seier styreleiar i bruselskapet Nordfjordkryssing AS, Nils R. Sandal.

Samfunnsøkonomi

Kvalitetsrapporten, som er forkorta KS1, er utarbeidd av Terramar AS for Finansdepartementet og Samferdsledepartementet. Den gir ei klar tilråding om å leggje E39 i midtre trasé gjennom Nordfjord.

– Konklusjonen i KS1-rapporten om overlegen samfunnsøkonomisk effekt av i bru over Nordfjorden i midtre er ikkje overraskande. Systematikken og modellbruken i rapporten er likevel banebrytande, og gir godt grunnlag for å vurdere veginvesteringar i Norge, seier Nils R. Sandal.

Fylkestinget vedtok i januar i år å tilrå ei bru over Nordfjorden i mindre, og dette meiner Sandal at rapporten no har gitt ytterlegare fagleg støtte for.



På forsiden nå


...

Fare for storflaum

Nyhende Mange elvar på Vestlandet er veldig store no. Slår veret til, kan vi ha ein 50-årsflaum i vente, åtvarer NVE. Les meir

Dagens AvSTEMMING

Bør fylkeskommunen halde fram med Hordalandsavtalen?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1437

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.