...
Begge SFE-montørane vart tysdag ettermiddag trygt berga ned frå fjordspennet. Dei firte seg ned i båt ved eiga hjelp. Foto: Ole Johannes Øvretveit

Begge montørane trygt på bakken

Firte seg ned frå arbeidskorg til båt ved eiga hjelp.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 11.09.2012 kl 10:59 Oppdatert 11.09.2012 kl 14:13

Tips ein venn på e-post:

Helikopter frå 330-skvadronen i Florø kom til staden kl 10.30 der to SFE-montørar sat fast i ei arbeidsvogn over fjorden Nordfjord. Men dei måtte gi seg. Dei har utfordringar med dårleg vêr og vaierar.

Fira seg ned sjølve

Dei prøvde i 12.15-tida på nytt, men utan å lykkast. Då var planen at mennene skal fire seg ned i båt sjølve, men med hjelp frå den alpine redningsgruppa frå Sunnmøre.

Firda sin utsende på staden observerte at helikopteret firte ned ein sekk til arbeidsvogna. Det kom ein båt ut på fjorden.

Klokka 12.30 var den første av dei to mennene komme trygt ned i båten. Det tok ca 20 sekund. 15 minutt seinare var begge trygt på plass i båten som skal ta dei til land att etter ei lang natt høgt over fjorden.

Helikopter sett på bakken

Hovudredningssentralen fekk tysdag føremiddag melding om at det kjem lyn og torden, noko som gjorde at redningsarbeidet hastar. Montørane sat utsett til.

Arbeidarane skulle måndag utføre arbeid på linja, men på grunn av teknisk feil med den nye arbeidsvogna, greidde dei ikkje å komme seg frå staden og måtte overnatte i den vesle arbeidsvogna.

Klokka 11.00 sa Hovudredningssentralen at helikopteret ikkje vurderte det som trygt nok å halde fram, og sette helikopteret på bakken. Forholda låg ikkje godt nok til rette, og redningsmannskapet jobba vidare med den andre planen; å hjelpe mennene ned ved hjelp av ny korg. Redningsgruppa frå Sunnmøre skal vere på plass.

Frå morgonen jobba Hovudredningssentralen på Sola med to alternativ; å berge dei to ned ved hjelp av helikopter. Om dette ikkje gjekk, må dei hjelpast til land ved at det vert sendt ut ei ny arbeidskorg. Men aksjonen enda med at dei to firte seg ned i ein båt på fjorden.

... ...
Klikk for å aktivere kartet
+
-

Kilde: Statens Kartverk/Geodata AS

...
Her gjer Sea King-helikopteret nytt forsøk på å berge montørane ned. Foto: Ole Johannes Øvretveit
...
Helikopteret måtte tysdag føremiddag gje opp fordi dei ikkje rekna aksjonen som trygg nok. Foto: Jogeir Agjeld


På forsiden nå


...

Nye reglar for vikeplikt gjeld frå i dag

Nyhende No blir det tryggare i trafikken for gåande og syklande Les meir

Dagens avstemming

Har du kontroll på vikepliktsreglane?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 334

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.