...
Folk må tenkje seg om, før dei kastar flasker på bøar og beite, oppfordrar Knut P. Bøyum. Foto: Knut P. Bøyum

- Berre store toskar gjer slikt

Kan føre til store lidingar

Sigurd Løseth
Sigurd Løseth Profil E-post
Publisert 18.08.2012 kl 19:13 Oppdatert 18.08.2012 kl 19:26

Tips ein venn på e-post:

Fjærlands-bonden Knut P. Bøyum er opprørt over bilistar som slengjer glasflasker ut på slåttemark og beite langs vegane.

Berre ein påpasseleg avløysar hindra fredag at fleire glasbrot hamna i matfatet til mjølkekyrne til Bøyum. Avløysaren skulle fôre dyra av ein rundball som var hausta langs riksvegen ned mot Mundal då han oppdaga den kvite etiketten av ei ølflaske og fire glasbrot i graset.

Sluker fôret

- Storfe får lett i seg glasbrot fordi dei jafsar fôret i seg i grådige tugger. Glasbrot vil skjere opp svelg, tarmar og magesekkene til dyret. Ein kvar kan tenkje seg korleis det kjennest å bli skoren opp innvendig og kva det vil bety av smerter og lidingar, seier Bøyum.

Glasskår i vomma vil også gje feber og betennelse i fordøyingssystemet, og mjølkeproduksjonen går rett ned. Å operere går an, men det kostar og er i praksis vanskeleg å gjere, meiner fjærlandsbonden.

Kan bli dyrt

Når ei flaske går gjennom slåmaskina og rundballepressa under innhaustinga, blir ho garantert knust i bitar. Å oppdage brune flaskebitar i brunt fôr vil vere rein flaks. I verste fall kan fleire dyr få bitane i seg, og då snakkar ein også om mykje pengar for bonden, fastslår Bøyum.

Han tykkjer det var ille nok å måtte kassere rundballen til ein verdi av rundt 300 kroner sist fredag. Alle som opplevde fôrkrisa i vinter, veit at kvar einaste rundball er god å ha.

Dobbelt skam

Etiketten viste at syndaren hadde drukke premium pils, noko Bøyum meiner er til dobbelt skam for fyren som kasta flaska.

- Ikkje berre er han ein tosk som hiv frå seg flasker i avlinga til bonden, men han klarar ikkje drikke skikkeleg øl ein gong. Dette er tynt kjerringøl. Det er inngangsøl for småjenter, seier ein spydig fjærlandsbonde.

Idiotar

I vår fann han to glasflasker som bilistar hadde slengt inn på kalvebeitet. Irritasjonen hans er stor:

- Slik framferd burde vere heilt unødvendig. Folk flest gjer då heller ikkje slikt. Eg trur det er ein minoritet av storidiotar, rasar Knut P. Bøyum.



På forsiden nå


...

Byggeskikkpris til "himmelrom"

Nyhende Mottakarane er overraska over at prisen ikkje gjekk til ein bygning. Les meir

dagens avstemming

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Norges styggaste by?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 0

...

Vakkert og fargerikt felleskap

Born 150 born imponerte på scena. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.