...
Førde hadde eit fødselsoverskot på 54 og nettoinnflytting på 70, som gir eit pluss i folketalet på 124 i første halvår 2012. Foto: Arne Stubhaug

Førde veks suverent mest

Førde står for over halve folketalsveksten i Sogn og Fjordane i første halvår 2012.

Ivar Myklebust Longvastøl
Ivar Longvastøl Profil E-post
Publisert 17.08.2012 kl 18:35 Oppdatert 17.08.2012 kl 19:29

Tips ein venn på e-post:

Det viser ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Tilflytting frå utlandet

Folketalet i Sogn og Fjordane auka med 213 personar frå årsskiftet og fram til 1. juli.

Statistikken viser at tilflytting frå utlandet var avgjerande for auken, medan fødselsoverskotet berre utgjorde ein auke på 10.

Overskot i Førde

Førde kommune hadde ein folketilvekst på 124, med pluss både i fødselsoverskot og i netto innflytting.

– Det totale biletet, slik eg ser det, er at Førde er ein veldig attraktiv stad å bu, seier ordførar Olve Grotle (H) til NRK Sogn og Fjordane.

Vekst i Sunnfjord

Dei tre nabokommunane i Indre Sunnfjord, Gaular, Jølster og Naustdal, kjem også ut med plusstal.

Askvoll er den einaste av kommunane i Sunnfjord som er på feil side av streken.

Gloppen og Flora har ein tilnærma lik auke, høvesvis 23 og 25 i pluss.

Fire fødde i Hyllestad

Hyllestad kjem dårleg ut med ein tilbakegang på heile 28 personar i første halvår.

Berre fire kom til verda i kommunen, medan netto utflytting var på 20.

Gulen gjekk litt tilbake, medan Høyanger og Solund kom ut i pluss.



På forsiden nå


...

Byggeskikkpris til "himmelrom"

Nyhende Mottakarane er overraska over at prisen ikkje gjekk til ein bygning. Les meir

dagens avstemming

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Norges styggaste by?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 0

...

Vakkert og fargerikt felleskap

Born 150 born imponerte på scena. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.