...
Bilete syner KM i symjing i Førdehuset. Foto: Rune Fossum

Krev betre symjeopplæring

Halvparten av dagens tiåringar kan ikkje symje.

Publisert 14.08.2012 kl 18:48 Oppdatert 15.08.2012 kl 08:41

Tips ein venn på e-post:

– Bading og ferdsel langs sjøen er ein av dei viktigaste friluftsaktivitetane i Norge, og viktig for helsa, seier FRIFOs generalsekretær, Lasse Heimdal.

Han påpeikar at det som likevel er skremmande er at så mange born ikkje kan symje. Mange liv kunne vore spara gjennom betre opplæring i symjing og bruk av redningsvest. – FRIFO støttar difor kravet om at grunnskuleelevar skal tilbys symjeopplæring inntil dei faktisk er i stand til å symje, seier Lasse Heimdal.

Kan ikkje symje

Tal frå Gjensidigestiftelsen syner at halvparten av dagens tiåringar ikkje er i stand til å symje.

Statistikk frå Norsk Folkehjelp syner at 973 menneske drukna i periode 2002–2011.

Pr. 1. august i år syner statistikken ei nedgang i drukningsulukker frå 45 til 33, samanlikna med same periode i fjor.

Treng grunnleggjande opplæring

Ein trur at nedgangen i år er grunna dårleg vêr og få større ulukker. – Men vi kan ikkje basere oss på at dette vil vere trenden i åra som kjem. Ei grunnleggjande opplæring i symjeferdigheiter og ferdsel i båt og langs kysten er viktig for både helse og trivsel.

Tek ein dei rette førehandsreglane og nyttar redningsvest er det både trygt og sunt å vere på og ved sjøen, seier Heimdal.

Det er viktig at både skule, familie og frivillige organisasjonar samarbeider for å auke tryggleiken og skape meir friluftsglede, blant anna ved å styrkje ferdigheiter i symjing, padling og roing.



På forsiden nå


...

Nordfjord under skulepress

Nyhende Sunnfjord og Sogn krystallklare: Også Nordfjord må ta skulekutt. Les meir

Dagens avstemming

Kjem du til å sakne geitene i Våtedalen i sommar?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1184

...

Hellandsjø går i land

Nyhende Mønstrar av som president i Redningsselskapet Les meir

...

Heim til Sunnfjord i helga?

Nyhende Firda vel ut tre som får gratis flybillett Oslo- Førde laurdag og tilbake søndag Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.