...
Bilete er ein illustrasjon til saka. Foto: Bent Are Iversen

Fyll og uro i natt

Mykje bråk og fleire nedslegne.

Eline Kirkebø E-post
Publisert 11.08.2012 kl 08:39 Oppdatert 11.08.2012 kl 08:52

Tips ein venn på e-post:

Klokka 00.42 natt til laurdag fekk politiet melding om mykje støy frå ein fest i eit privathus i Førde. Politiet rykka ut til staden, men festen var då i ferd med å bli avslutta.

Også på Eid, nokre om lag ti minutt seinare, fekk politiet klage om feststøy frå eit hus. Eigaren vart kontakta og informert om klagen.

To menn slått ned

Klokka 01.51 vart det meld om at ein mann var slått ned på Årdalstangen i Årdal. Både politi og ambulanse reiste til staden. Den fornærma vart frakta til Lærdal sjukehus for observasjon. Begge dei involverte er menn i 20-åra, og saka blir vidare etterforska ved Årdal lensmannskontor.

Like over halv tre skjedde noko liknande i Førde sentrum. Ein mann i slutten av tenåra vart slått til og teken hand om av politiet. Han vart køyrd til legevakta for kontroll. Den mistenkte er ein mann i 20-åra.

Tenåringsjente i drukkenskapsarrest

På same tid måtte politiet i Årdal ta hand om ei rusa jente i slutten av tenåra. Ho vart framstilt for lege og sett i drukkenskapsarresten då ho ikkje klarte å ta vare på seg sjølv.

I Vanylven tok politiet klokka 03.38 hand om ein mann i 20-åra, mistenkt for køyring i rusa tilstand. Han vart teken med til lege for blodprøve. Saka vert vidare etterforska ved Vanylven.



På forsiden nå


dagens avstemming

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Norges styggaste by?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 0

...

Byggeskikkpris til "himmelrom"

Nyhende Mottakarane er overraska over at prisen ikkje gjekk til ein bygning. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.