...
Bøyabtreen Foto: Stig Roger Eide

Turistperle i dritlukt

Septiktømming vart større attraksjon enn isbreen.

Eline Kirkebø E-post
Publisert 10.08.2012 kl 18:32 Oppdatert 10.08.2012 kl 18:35

Tips ein venn på e-post:

Camilla Opheim Mæland var saman med systra for å sjå på Bøyabreen i Fjærland, men fekk ei illeluktande oppleving då ein septikbil byrja å tømme væske like ved elvekanten. Ho seier til NRK at det stinka kloakk medan tømminga gjekk føre seg.

– Eg blir sint av å sjå slik. Det er jo om å gjere å ta vare på naturen, ikkje å øydeleggje den. Når du er på ein bre er ikkje synet av ein septikbil som står og tømmer seg det synet du ventar og sjå, seier Opheim Mæland til NRK.

Nektar for ureining

Eigaren av bilen er Gunnar Følid frå Vik. Han er tidlegare bøtelagd for ulovleg forureining, men hevdar at det ikkje var kloakk han dumpa ved breen.

Følid hevdar å ha spylt tanken, og at det han slapp ut var vatn som hadde vore i tanken etter dette. Sjølv om vatnet var i septiktanken, hevdar han at det var reint.

Bakteriar

Opheim Mæland har ikkje tru på at vatnet var reint.

- Uansett kva det var han tømte, så ligg det mykje bakteriar og alt muleg anna i tanken. Det må jo vere skadeleg, seier ho til NRK.

NRK har vore i kontakt med bransjefolk som seier at septikbilar skal reingjerast på godkjende stader for ureina stoff, og at dei aldri før har høyrd om ein slik praksis som Følid hevdar å drive med.



På forsiden nå


...

Går av som leiar

Nyhende Ulikt syn på vegval Les meir

Dagens avstemming

Har du kontroll på vikepliktsreglane?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 738

...

Vil ingen overta oss?

Nyhende Sjølv i dei to sterkaste landbrukskommunane trengst motiveringstiltak Les meir

...

Nye reglar for vikeplikt gjeld frå i dag

Nyhende No blir det tryggare i trafikken for gåande og syklande Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.