...
Illustrasjonsfoto av SC38.

Stort fylkessamarbeid

Lyse tider for Solund Verft AS; inngjekk nybyggingskontrakt internt i fylket.

Ingrid Margrete Thorvaldsen E-post
Publisert 08.08.2012 kl 21:09 Oppdatert 08.08.2012 kl 21:09

Tips ein venn på e-post:

Solund Verft AS har teikna nybyggingskontrakt for 2 stk. SC38 Kystnot-fartøy, melder dei i ei pressemelding.

Både reiarlag, konstruktør og verft, samt hovudtyngda av underleverandørane har lokal tilknyting og adresse i Sogn og Fjordane.

Lokal tyngd

Reiarlaga og verftet er lokalisert i nabokommunane Solund og Askvoll. Medan konstruktøren Seacon as, er heimehøyrande i Vågsøy.

Elektroinstallasjonar skal leverast og installerast av HAFS Elektro, som er heime høyrande i Solund/ Hyllestad. Innreiing skal leverast og monterast av Maritim Montering AS, som er heimehøyrande i Gaular.

Finanseringa av prosjektet står Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Noreg og Wergeland Holding AS for.

Har gjeve resultat

Verftets langsiktige satsing på opparbeiding av verftsfasilitetar, kompetanse og relasjonar i fiskerimiljøet, har synt seg å gje resultat i form av desse to nybyggingskontraktane, står det i pressemeldinga.

Normal aktivitet framover

Den normale aktiviteten ved verftet, reparasjons- og vedlikehaldsoppdrag vil framleis føregå med tilnærma normal kapasitet, sjølv om nybygga er under utrustning.

Leveringsdato for fartøya er januar og juni 2014.



På forsiden nå


...

Byggeskikkpris til "himmelrom"

Nyhende Mottakarane er overraska over at prisen ikkje gjekk til ein bygning. Les meir

dagens avstemming

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Norges styggaste by?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 0

...

Store endringar i politiet: Vil gå frå 27 til seks politidistrikt

Nyhende Og legge ned 40 prosent av landet sine lensmannskontor Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.