...
21-åringen Vegar Solheim frontar nye Piratpartiet. Foto: Bent Are Iversen

Frå AUF til Piratpartiet

Vegar Solheim frontar eit nytt parti som jobbar for ein digital revolusjon.

Ivar Myklebust Longvastøl
Ivar Longvastøl Profil E-post
Publisert 08.08.2012 kl 08:25 Oppdatert 08.08.2012 kl 09:46

Tips ein venn på e-post:

21-åringen frå Naustdal er vald inn på fast plass i kommunestyret, men melde seg ut av Arbeidarpartiet i slutten av april og kjem til å halde fram som frittståande folkevald.

Vil på Stortinget

Piratpartiet vart stifta i Sverige og har etablert seg i fleire titals land.

I Norge er partiet ferskt og ei gruppe eldsjeler jobbar no for å samle 5000 underskrifter for å kunne registrere det i Brønnøysund-registeret og stille lister ved stortingsvalet neste år.

Namnet på partiet er inspirert av The Pirate Bay, omstridd svensk nettstad for nedlasting av gratis musikk og film.

Kjerneprogrammet for partiet har overskrifta «Digital revolusjon» og det vert slege fast at målet er å erstatte gamle monopol og lukka, offentlege hierarki med digitalt innsyn og gjenbruk av offentlege data.

– Internett vart starta som eit anarki og vil aldri bli noko anna enn eit anarki.

På nettet deler ein alt, og det fungerer, seier Solheim som ikkje er motstandar av ein kvar køyreregel på nett.

Naustedølingen fortel at han brukar meir tid på nettet enn til å sove.

– Ikkje berre for nerdar

– Eg les, skriv og er sosial på nettet, så mange vil nok meine at eg er asosial, seier han.

Han forklarer utmeldinga frå Arbeidarpartiet med at han siste to åra har blitt meir liberal.

Dessutan mislikte han det han opplevde som einsretting og posisjonering internt i paritet. Nye impulsar og ny kunnskap ikkje minst frå utanlandske nettstader har også endra hans politiske syn.

Solheim innser at kjerneprogrammet til Piratpartiet kan verke «nerdete», men han legg vekt på at krava gjeld dei fleste av oss, og slett ikkje berre datanerdane.

– Kva ambisjonar har du sjølv?

– Eg har ikkje personlege ambisjonar, men eg har ambisjonar for partiet. Eg hadde heller ikkje ambisjonar om kommunestyret, men vart beden om å stille opp, og det same gjeld no, seier Solheim, som jobbar som nattevakt på Førde Hotell.

– Målet mitt er å starte på ei av IT-linene på Høgskulen i Gjøvik neste haust, seier 21-åringen.



På forsiden nå


...

Skada nakken for to år sidan, no er han tilbake i gokarten

Sport Heine Fonn Skåre er tøffare enn dei fleste, det synte han under Vestlandsmeisterskapen i Førde søndag. Les meir

daGENS avstemming

Er du nøgd med fylkesrådmannen si tilråding til ny skulebruksplan?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 3227

Velta med motorsykkel

Nyhende Føraren hadde ikkje MC-førarkort. Les meir

...

Sol, varme og flaumfare

Nyhende Ikkje berre is-salet som har skote fart i varmen. Les meir

Til Grasrotandelen

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.