...
Vestlandet kjem godt ut på VG sin vêrindeks, og det aller finaste vêret har det vore i Lærdal. Biletet er frå Sanden i Naustdal som også har hatt sine solskinnsdagar. Foto: Silje Huseklepp

Sommaren best i vest

- Reine eventyret i sognebygd

Sigurd Løseth
Sigurd Løseth Profil E-post
Publisert 05.08.2012 kl 11:12 Oppdatert 05.08.2012 kl 12:46

Tips ein venn på e-post:

Gløym mytane om det våte Vestlandet, skriv VG. I sommar har Lærdal hatt Norges beste sommarvêr.

Dette kjem fram i VG sin sommarvêrindeks som avisa har utarbeidd i samarbeid med Meteorologisk institutt.

Med utgangspunkt i juni og juli er det talt tal dagar med makstemperatur over 20 grader. I tillegg er det ført dagar med mindre nedbør enn tre millimeter i døgnet.

Tørt og varmt

I Lærdal har dei hatt 55 døgn med nedbør under tre millimeter og 24 dagar der gradestokken har bikka 20 grader.

Summen av desse gjer at bygda toppar vêrindeksen med 79, forklarar klimaforskar Reidun Gangstø ved Meterologisk institutt.

Vestlandet best

Drammen følgjer etter Lærdal med ein indeks på 76, mens Sogndal har 5. plass (72) og Stryn 9. plass (70) på lista.

I andre enden av skalaen ligg Stranda i Møre og Romsdal. Berre éin dag har gradestokken blikka 20 grader, ifølgje VG.

Men også Oslo har hatt ein dårleg sommar. Tryvannshøgda kjem nest verst ut.

Eit eventyr

VG har snakka med Ester (59) og Hans Kristiansen (60) som nyt sommarens siste feriedagar i Lærdal. Ekteparet frå Bergen har registrert at Lærdal er ein fin plass å vere.

- Fleire gonger har eg opplevd at vindaugsviskarane går i eitt når vi køyrer hit. Men så fort vi kjem ut av Lærdalstunnelen, er det heilt tørt. Det er nærmast som eit eventyr, seier Hans Kristiansen til avisa.

Fem av dei tolv stadene med det beste sommarvêret ligg på Vestlandet.

For to år sidan hadde VG ein liknande statitikk. Då var verken Hordaland eller Sogn og Fjordane på lista.



På forsiden nå


...

Brann ute av kontroll i Førde

Tips oss: MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Dagens avstemming

Har du kontroll på vikepliktsreglane?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 1242

...

Motorsykkel kvelva - politiet mistenker rus

Nyhende Slik var natta for politiet i fylket Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.