...
Foto: Bent Are Iversen

Fjording + flygeleiar = sant

Av 600 søkjarar frå heile verda, var det tre fjordingar som kapra seg plassar ved flygeleiarutdanninga i USA.

Silje Huseklepp E-post
Ingrid Margrete Thorvaldsen E-post
Publisert 04.08.2012 kl 11:38 Oppdatert 04.08.2012 kl 11:39

Tips ein venn på e-post:

– Det har ikkje heilt gått opp for meg at eg er komen inn på studiet, seier Ole Fosse Fardal, ein av dei tre heldige studentane.

Sogn og Fjordane fekk knallgod utteljing på opptaket til flygeleiarstudiet, og kapra heile 3 av 25 plassar ved University of North Dakota i USA.

Éin sjanse

- Det er berre éin gong ein kan søkje på studiet i?USA. Om ein ikkje kjem inn på første forsøk, så kjem ein ikkje inn seinare heller. Fosse Fardal sjølv hadde ikkje forventa å komme inn.

Med seg til USA får han òg Simen Solheim (Sandane) og Mads Gjedrem (Førde).

Nyfiken

– Eg har alltid hatt stor respekt for dei som arbeidar i flytrafikken. Då eg såg at Avinor lyste ut plassar til studiet, vart eg litt nyfiken og tenkte at eg kunne prøve å søkje, fortel Fardal.

- Dette er ein sjanse ein berre får éin gong i livet. Når livet gjev deg ei kake, så seier ein ikkje nei takk, humrar han.

Strenge opptakskrav

For å kome inn på studiet treng ein generell studiekompetanse og 4,0+ i snitt. Deretter ventar fem opptaksrundar med ulike testar og intervju.

- Det gjeld å halde hovudet kaldt og ikkje gje opp. For den som trur at flygeleiarar er eit form for geni, tar feil. Ein treng eit sett med spesifikke eigenskapar, skildrar Fosse Fardal.

Saftig god løn

Med ei startløn på 560.000 kroner, som fort stig til over 1 million, ser Fosse Fardal seg tilfreds.

– Ein skal i alle fall ikkje kome og seie at ein er misnøgd med eit slikt beløp.



På forsiden nå


...

Her vil dei utvide parktilbodet for nær 50 millionar

Nyhende Og totalt ønskjer dei hytteutbygging for éin milliard kroner. Les meir

Dagens avstemming

Er det riktig av Ap å frede dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 2105

...

Mann i 20-åra dømd for grov vald

Nyhende Slo mann bevisstlaus og heldt fram å slå mot hovudet medan personen låg nede. Les meir

...

Braut begge leggane og bekkenet i gangfelt

Nyhende Mann i 70-åra dømd for påkøyrsle og uaktsam køyring. Les meir

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.