Jublar over rekordtal
Sjukefråværet i helseføretaka på Vestlandet er rekordlågt i mai månad. Dette melder Helse Vest i ei pressemelding.
God nedgang
Ved utgangen av mai var det sjukemeldte fråværet i Helse Vest på 5,47 prosent. På den same tida var resultatet eit samla sjukefråvær på rekordlåge 6,41 prosent. Det betyr at det samla sjukefråværet (inkludert eigenmelding) i Helse Vest har gått ned med meir enn 1 prosentpoeng så langt i 2012.
- Gledeleg
– Måla våre er innanfor rekkjevidd, og det er gledeleg. Mykje god jobbing rundt på avdelingane i sjukehusa har fått oss hit. Utfordringa framover blir å nå måltala og halde dette på eit stabilt lågt nivå, seier HR-direktør Hilde Christiansen i Helse Vest RHF i pressemeldinga.
Fleire tiltak
Christiansen seier at dei har gjort mange tiltak for å redusere sjukefråværet.
– Ein føresetnad er aktive leiarar som legg opp til IA-samtalar raskt og dyktige HMS-avdelingar som bidreg saman med vernetenesta. Det er òg, mellom anna, oppretta ein felles idébank for alle helseføretaka kor ein deler tiltak og erfaringar for å skape gode tilhøve både for medarbeidarar og leiing.
Betre enn landsgjennomsnittet
Til samanlikning var det sjukemeldte sjukefråværet i helse- og sosialtenestene på landsbasis 8,20 prosent i 1. kvartal i år (kjelde: NAV), mens dette fråværet utgjorde 6,15 prosent i Helse Vest i same periode.