...
Torvald Ask held godt grep om kompisen Erik Bjørnøy då han grabba tak i lammet som hadde hamna i sjøen. Foto: Vetle Birkevold Farstad

Med livet som innsats

Gutane oppdaga lammet som kjempa for livet. Sjå biletserie.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 15.06.2012 kl 10:07 Oppdatert 15.06.2012 kl 11:04

Tips ein venn på e-post:


'

Dramatisk bergingsaksjon av lam

Lammet vart oppdaga i det det kjempa for livet i stri sjø. Då tok tre kompisar tak og berga det ut av vatnet.

Sjå biletserie

For tre dagar sidan gjekk tre kompisar på tur og ante fred og ingen fare. Så såg Erik Bjørnøy noko i sjøen. Han sprang ned for å sjå kva som låg der. Eit lite lam hadde hamna i den sterke straumen og kjempa for livet. Då ropte Bjørnøy til kompisane sine.

No går den dramatiske redningsaksjonen, som gjekk føre seg på Allnes like utanfor Ålesund, på Facebook.

- Kult gjort

Ein av dei som sperra opp auga då han fekk auge på bileta på nettet, var sauebonde Håvard Larsen i Angedalen i Førde.

- Dette var veldig kult gjort av dei, seier han, og hugsar tilbake til ein episode førre sommar då ein av hans sauer hadde hamna i vatnet etter å ha prøvd å hoppe frå øy, men i staden sat fast i vatnet.

- Det var langt frå så dramatisk så dette må ha vore, men det kan skje, og eg forstår at gutane prøvde å redde lammet. Det ville eg og ha gjort om det var ein av mine sauer som låg i sterk straum, seier Larsen.

Glad i dyra

- Ein blir jo glad i dyra, legg han til. Larsen kjenner ikkje gutane, men beit seg merke i dei fascinerande bileta.

På Facebook har fotografen Vetle Birkevold Farstad kalla biletserien for "Story about a hero". Han var raskt framme med kameraet då han forstod kva kompisen hadde funne i den strie sjøen.

Glatt berg, sterk sjø

Slik fortel han om hendinga:

- Vi var ute å gjekk tur i området då eine kompisen min såg noko i sjøen. Han gjekk ned for å sjå kva som låg der. Det viste seg for å vere eit lite lam. Då ropte han opp til oss, og fekk Torvald Ask til å halde han fast mens han strekte seg ut for å nå tak i lammet.

På berget var det glatt, og for å sikre kompisen, heldt Ask godt tak i armen hans. Med lammet i eine handa og kompisen i den andre, fekk dei dyret på land.

- Det var ganske dramatisk, fortel fotografen frå Sunnmøre.

Ville ikkje bevege seg

Men etter berginga, la dei merke til at lammet var veldig kaldt, og at det stod heilt i ro. Dei tenkte at det var blitt skikkeleg skremt, og at dersom dei gjekk bort ei lita stund, så ville det bli seg sjølv att. Etter ei stund, gjekk kompisane tilbake til staden. Då stod lammet framleis på akkurat same stad.

Dei tok det opp, og då byrja det å sprelle noko veldig.

- Det var mykje bæææing, fortel Birkevold Farstad. Men endeleg, lammet såg ut til å komme til hektene att, og spratt bort til resten av saueflokken sin. Då slappa gutegjengen av, og kunne forlate det.

- Eg anar ikkje kven som eig sauene. Vi har ikkje blitt kontakta av nokon i etterkant, fortel Birkevold Farstad.

På framsida no


Meiner nei, røystar kanskje ja til OL

Trass i at fylkesårsmøtet i Ap har vedteke «Nei» til OL i Oslo, kan Ingrid Heggø komme til å røyste «Ja» i Stortinget.

Krev resultat i Fjord1

Per Sævik set press på Fjord1-leiinga: No må ferjeselskapet ta til å levere resultat.