...
ILLUSTRASJONSFOTO. Foto: Tormod Iversen/PRIVAT

Kraftig nordlys torsdag

Etter den kraftigaste soleksplosjonen på lange tider.

Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 08.03.2012 kl 08:28 Oppdatert 08.03.2012 kl 09:43

Tips ein venn på e-post:

Eit kraftig utbrot på sola natt til onsdag utløyste ein geomagnetisk storm som førte til kraftig nordlys over heile Norge natt til torsdag og torsdag morgon.

Ein solflekk så stor at den med rette solformørkelsesbriller på, kan sjåast med det blotte auget, har dei siste dagane forårsaka ei rekkje eksplosjonar, opplyser astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard til Avisenes nyhetsbyrå.

Ødegaard fortel at enorme skyer med elektrisk ladda gass vart slynga ut i rommet og traff jorda onsdag. Eit mykje sterkare utbrot, eit såkalla X5, fann deretter stad klokka 01.28 natt til onsdag.

- Skya frå dette smellet var venta å treffe jorda torsdag 8. mars klokka 07.25 norsk tid og kan utløyste ein kraftig til svært kraftig geomagnetisk storm, moglegvis på ekstremt nivå. Dette inneber at den vil kunne forstyrre magnetfeltet rundt jorda, og laga kraftige nordlys svært langt mot sør, inkludert Sør-Norge, seier Ødegaard.

Han fortel at utbrotet er det kratigaste på lange tider og så kraftig at det også potensielt kan forstyrre radiokommunikasjon og system for satelittnavigering.

- Satelittar kan bli påverka og det er ein viss fare for at straumnettet kan bli forstyrra enkelte stader på nordlege breidder, seier Røed Ødegaard.

  • Har du fanga Nordlyset på foto eller film?
    Send bilete/video til redaksjon@firda.no - Merk med tidspunkt, stad og namn på fotograf.

Nordlys over Sunnfjord

...

Sjå bilete frå nattehimmelen natt til onsdag 25. januar 2012.

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Skada nakken for to år sidan, no er han tilbake i gokarten

Sport Heine Fonn Skåre er tøffare enn dei fleste, det synte han under Vestlandsmeisterskapen i Førde søndag. Les meir

daGENS avstemming

Er du nøgd med fylkesrådmannen si tilråding til ny skulebruksplan?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 2916

...

Sol, varme og flaumfare

Nyhende Ikkje berre is-salet som har skote fart i varmen. Les meir

Velta med motorsykkel

Nyhende Føraren hadde ikkje MC-førarkort. Les meir

Til Grasrotandelen

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.