...
Senterpartiet fekk viljen sin då kommunestyret i Solund tysdag sa nei til storutbygging på Ytre Sula. Foto: ANB

Klart nei til vindmøllene

Kommunestyret i Solund har sagt sitt om utbyggingane i Ytre Sula og Ulvegreina.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Andreas Isaksen Dahl
Andreas Isaksen Dahl Profil E-post
Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 14.02.2012 kl 15:58 Oppdatert 14.02.2012 kl 20:41

Tips ein venn på e-post:


Solund kommunestyre sa tysdag ettermiddag nei til at utbyggjar Sula Kraft skal få sette opp vindmøller på Ytre Sula. Dermed fekk Senterpartiet det som dei ville, mens Høgre vart overkøyrd av kommunestyret. Det var fem for, og 10 mot utbygging. Seks representantar var ugilde, bestemte kommunestyret.

Like etter, sa kommunestyret også nei til utbyggingsplanane i Ulvegreina. Fem var for, mens 10 var imot. Vestavind Kraft fekk heller ikkje kommunestyret på laget sitt då vindmølle-sakene vart behandla. Seks var for, mens ni var imot.

Tre selskap ønskjer å byggje ut i Solund kommune:

Vestavind AS ønskjer byggje ut to eller tre turbinar på Ytre Sula med samla effekt opptil 7,5 MW. Folkeavrøysting sa 47,3 % for 47,3 % mot.

Sula Kraft AS ønskjer byggje ut opptil 39 turbinar på Ytre Sula med samla effekt opptil 140 MW. Folkeavrøystinga sa 42,8 % for 52,9 % mot.

SAE Vind AS ønskjer byggje ut opptil 46 turbinar på Ulvegreina med samla effekt opptil 138 MW. Folkeavrøystinga sa 45,2 % for 51,1 % mot.

Fire av fem politikarar i formannskapet sa nei til all utbygging, berre ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) var positiv.

Les også I dag fell den endelege avgjerda og Nytt nei til vindmøller og Positive til vindkraft i Solund og - Ikkje på parti med naturen

På den eine sida står det om 26 millionar kroner i eigedomsskatt til kommunen, fleire årsverk i driftsfasen og opprusting av vegar og kaier. Samstundes vil vindkrafta produsere fornybar energi i mange år.

På den andre sida står det om store inngrep i urørt kystlandskap. Motstandarane kallar det «ei rasering av naturen».

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.