...
IKKJE FORNØGD: Sp-statsråd og partileiar Liv Signe Navarsete meiner det ikkje er gjeve gode nok garantiar for at arbeidsmiljølova kan bli ståande. Foto: Terje Pedersen/ANB

Sp tar dissens i regjeringa

Striden rundt vikarbyrådirektivet held fram.

Cato Husabø Fossen E-post
Publisert 13.02.2012 kl 13:33 Oppdatert 13.02.2012 kl 14:12

Tips ein venn på e-post:

Vikarbyrådirektivet

  • Direktivet vart vedteke av EU i november 2008. Det sler mellom anna fast at arbeidstakarar som vert leigde inn frå bemanningsbyrå, skal ha minst like gode løns- og arbeidsvilkår som dei ville hatt om dei var fast tilsette i bedrifta.
  • Direktivet skal også bidra til å anerkjenne vikarbyråa som arbeidsgjevarar. Kritikarane meiner direktivet vil føre til auka bruk av vikarar og mellombelse tilsette, i tillegg til å svekke tilsetjingsvernet og retten til faste stillingar.
  • Ein vesentleg grunn til motstanden mot direktivet er frykta for at det vil følgje ein rettsleg prosess som tvingar fram endringar i arbeidsmiljølova. Det er særleg snakk om lovteksten sin paragraf 14-12, som setter klare avgrensingar for bruken av vikarar og mellombelse tilsette.
  • (KJELDE: ANB-NTB)

Senterpartiet seier nei til vikardirektivet. Det gjorde partileiar Liv Signe Navarsete klart då ho møtte pressa i vandrehallen i Stortinget måndag, melder NTB.

  • Les pressemeldinga frå Senterpartiet HER.

Navarsete seier at det ikkje er gjeve gode nok garantiar for at arbeidsmiljølova kan bli ståande, dersom vikardirektivet vert ein del av det norske lovverket.

Fagrørsla åtvarar

Arbeidarpartiet si stortingsgruppe har frå før sagt ja til å innføre vikarbyrådirektivet i norsk lovgjeving, medan SV seier nei. Dermed må Arbeidarpartiet søkje støtte på borgarleg side.

Også hovudsamanslutningane LO, YS og Unio vil ha norsk reservasjon mot direktivet, som fagrørsla elles i Europa har akseptert.

Senterpartiet kalla måndag inn pressa til eit kort møte i vandrehallen i Stortinget for å reiegjere om sentralstyret sitt vedtak i saka.

Må søkje borgarleg støtte

Før helga truga SVs sin nestleiar Audun Lysbakken med at partiet ville ta dissens i regjeringa i saka.

- Det er eit sterkt ønskje i partiet om at vi ikkje bidreg til at vikarbyrådirektivet vert innført i Norge. Difor er det absolutt aktuelt å ta dissens i regjeringa, sa barne-, likestillings- og inkluderingsministeren til Klassekampen ifølgje NTB.

Når også regjeringspartnar Senterpartiet i dag seier klart nei til EU-direktivet, må Ap få drahjelp av Høgre i Stortinget. Frå fagrørsla si side er kravet at Ap snur i saka.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.