Helseministeren meiner Helse Førde må tole offentleg kritikk frå eigne tilsette.
Under fylkesårsmøtet til Framstegspartiet i Sogn og Fjordane 22. januar, vart det vedteke ein resolusjon som omhandla manglande openheit i Helse Førde og trugsmål mot tilsette.
Denne resolusjonen sende stortingsrepresentant Åge Starheim vidare til helseministeren som skriftleg spørsmål.
Bad ministeren gripe inn
Framstespartiet viser til at ein overlege ved Nordfjord sjukehus gjekk til
media med ei bekymringsmelding han ikkje fekk gjennsomslag for hos leiinga i
Helse Førde.
Dette skapte sterke reaksjonar hos leiinga i helseføretaket.
Frp ber helseministeren gripe inn overfor administrerande direktør, fagdirektør og styreleiar, slik at tilsette kan seie frå utan at dei vert truga med oppseiing.
- Den hersketeknikken som rår i Helse Førde overfor eigne tilsette må det verte slutt på med ein gong, krev Frp.
- Skal mykje til
I svaret sitt er helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen heilt klar på at
leiinga i Helse Førde må tole ein god del i den omstillingssituasjonen som
er i helseføretaket no.
- Omstillingar kan medføre offentleg kritikk frå eigne tilsette. I føretaksmøta med dei regionale helseføretaka i januar i år vart det presisert at det skal mykje til før slike ytringar er i konflikt med lojaliteten til arbeidsgjevar, skriv helseministeren.
Ho viser vidare til at slik kritikk som hovudregel bør møtast med motinnlegg som viktigaste verkemiddel.
Her kan du lese spørsmålet til stortingsrepresentant Åge Starheim og svaret til helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen.
Kva meiner du? Bør leiinga i Helse Førde ha større takhøgd overfor tilsette når det er omstillingsprosessar i helseføretaket?