Parti-profilane uvisse på kven som skal ta over for Bjørn Lødemel.
Ingen i Høgre tør spå kven som vert ny fylkesleiar når Bjørn Lødemel gir seg i mars. Alt profilane er sikre på er at dei sjølv er uaktuelle.
Firda har snakka med fleire av dei som vert trekte fram som moglege kandidatar til å overta som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre på årsmøtet i mars, og eit overveldande fleirtal er krystallklare på at dei ikkje er interessert i vervet. Internt i partiet er uvissa no stor etter seks år under leiing av Bjørn Lødemel.
Det er nok rett. Leiarspørsmålet verkar meir ope enn nokon gong, vedgår partiveteran Mathias Råheim i Gaular.
Berre Mjømen seier ja
Årsaka er rett og slett at eg har meir enn nok å gjere som gruppeleiar i Fylkestinget og som ordførar i Aurland, seier Noralv Distad, mannen som var partiet sin fylkesordførarkandidat under lokalvalet i haust. Heller ikkje partiet sin kvinnepolitiske leiar i fylket, glopparen Olin J. Henden ser seg sjølv som aktuell til vervet. Også Jacob Nødseth (24) frå Florø opplyser til Firda at han har gjeve valkomiteen melding om at han ikkje ønskjer verv i fylkesstyret på dette tidspunktet.
Dei fire einaste som ikkje kontant avviser at dei sjølv kan vere eit fylkesleiaremne, er Førde-ordførar Olve Grotle, Hallgeir Helland frå Florø, 2. nestleiar Toril Fjørtoft frå Eid og veteranen Liv Stave frå Selje. Berre éin går ope ut med sitt kandidatur:
Dersom valkomiteen vurderer meg som ein god kandidat, og eg kan få ein brei oppslutnad i partiet bak meg, blir eg gjerne fylkesleiar i Høgre, seier dagens 1. nestleiar Arve Mjømen (Gulen).
Kan få rikspolitisk makt
I Høgre har fylkesleiarane møterett i sentralstyret, som er partiet sitt øvste organ etter landsmøtet. Personen som i mars vert vald til leiar i Sogn og Fjordane Høgre, kan difor få reell innverknad på rikspolitikken om Høgre inntek regjeringskontora neste haust.
Tradisjonen i konservative parti er rett nok at dei folkevalde på Stortinget har meir makt enn partitoppane i sentralstyret. Dette er motsett av tilhøva i til dømes Ap, der partiorganisasjonen ofte er mektigare enn stortingsrepresentantane. Det herskar likevel ingen tvil om at ein som sentralstyremedlem i Høgre vil få stor innverknad, seier Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han trur kor mykje innverknad ein greier å oppnå vil avhenge av personlegdommen til den som vert vald til ny fylkesleiar.