Lise Karlsnes vidare på wildcard frå delfinalen i Florø.
Søndag kveld vart det klart at Lise Karlsnes, som laurdag opptredde under MGP-delfinalen i Florø, blir den tiande finalisten i MGP-finalen i Oslo Spektrum kommande laurdag.
- Yes! Eg har fått herleg mykje kjærleik og inspirasjon av å vere med i delfinalen i Florø, og no blir det meir! Hurra!, sa Karlsnes då ho fekk beskjeden frå NRK.
Det var ein jury som tok avgjersla at Karlsnes, som etter sendinga fekk mykje merksemd av publikum i Florø, var den som fekk finaleplass som wildcard.
Plassen fekk ho i konkurranse mot dei totalt 15 bidraga som ikkje kom til finalen frå delfinalane
- Eg har også fått veldig mange positive, varmande og gode tilbakemeldingar etter Florø, og gler meg stort over anerkjenninga juryen gir meg ved å tildele meg wildcard-plassen til finalen, seier Karlsnes til NRK.