Håvard Lothe band er klar for kvelden. Det kan også du bli om du følgjer med på Origo-sida Folkets Grand Prix
– Å stå på scena i eit fullsett Oslo Spektrum er ein draum eg har som artist. Og med MGP-deltakinga har draumen aldri vore så nær som no, seier Håvard Lothe til firda.no.
Saman med bandet sitt er han klar til kveldens delfinale på heimebane. Han er sjølv frå Florø, og bandmedlemmene er også heimehøyrande i Sogn og Fjordane. Brørne Torstein og Erlend Mongstad er frå Solund, og sistemann i bandet, Thomas Frøyen kjem frå Kalvåg.
«The greatest day»
MGP-bidraget bandet er klar med er skrive av Håvard Lothe. Han skildrar sjølv låten, «The greatest day» som ein uptempo poplåt. Den handlar om det som opptek Lothe mest for tida, at han er blitt pappa til ei lita jente.
Då MGP gjekk av stabelen i Florø i 2011 var det gruppa Bable-fish som vann. Også dei med ein som om det å bli far.
– Vi får håpe på farssolidariteten, seier Håvard.
Vurder sjølv
Vert i origosona Folkets Grand Prix Stian Grythaugen, har vurdert alle dei åtte låtane som er med i delfinalen i Florø i kveld. Les vurderingane på Folkets Grand Prix og gjer dine eigne vurderingar om kven som bør komme til finalen.