Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp
– I fleire år har dei peika på det dei meiner er lite tilfredsstillande arbeidstilhøve; dei manglar garderobe, har dårlege toalettforhold, og eit inneklima som gir konsentrasjonsvanskar og hovudverk.
– Vi har vore tolmodige lenge, i håp om at det skulle ordne seg, men no er tida inne for å seie frå igjen, skriv 16 tilsette i heimetenesta i eit brev til AMU-leiar Bjørg Skarstad.
20 på 20 kvadrat
Dei har sin base i 2. etasje i den eldste delen av Gloppen omsorgssenter, eit bygg som vart oppført tidleg på 1900-talet og ber preg av sin høge alder.
Heimetenesta disponerer eit kontor på knapt 20 kvadratmeter, eit rom som kvar morgon fungerer som møterom for 20 personar, viss alle er til stades. Det eine glaset i rommet skal heller ikkje opnast fordi radiatorane då koplar seg inn.
– Konsekvensen blir dårleg luft og inneklima som gjer det vanskeleg å samle tankane og arbeide effektivt når så mange er samla i eit lite rom utan luft, heiter det i brevet.
Eitt toalett, null garderobe
Men det stoppar ikkje der: Dei tilsette vil ha sjekka asbest både i tak og vegger. Dei disponerer berre eitt toalett, og må dele dette med personar som er på kurs eller har møte på møterommet. Lekkasje i taket gjer at vatnet må leiast vekk med provisoriske røyrløysingar for at det ikkje skal treffe hovudet til dei som gjer sitt fornødne.
Toalettet fungerer som garderobe når dei tilsette skal byte arbeidskleda etter avslutta arbeidsdag. Alternativet er å byte i gangen, der dei disponerer to garderobeskap.
– Medisinrommet manglar lufteventil, og det vert rapportert om konsentrasjonsproblem og hovudpine etter arbeid i medisinrommet, heiter det i brevet.
Avdelinga har heller ikkje oppvaskmaskin, og vatnet som kjem frå kranen er ikkje varmt nok til at det kan brukast til å vaske opp. Dei som har signert brevet ønskjer også det blir teke prøve av vasskvaliteten.
Dei tilsette vil ikkje kommentere saka utover det som står i brevet.
– Denne saka har vore kjend lenge, og burde vore gripen fatt i for lengst, seier leiar i AMU, Bjørg Skarstad.