- Eg hadde ikkje venta så stor merksemd, seier skulptøren.
På ein bø i Angedalen i Førde dukka denne snøskulpturen opp for rundt to veker sidan.
I ettertid har kunstverket blitt ein attraksjon. Folk strøymer til og køyrer omvegar for å sjå skulpturen.
Vennene gav opp
- Det starta som ein intern konkurranse mellom meg og nokre venner. I år var
kriteriet størst kreativitet, seier Asgeir Instebø.
Han fortel at dei andre gav opp då han og broren laga sin snøskulptur.
Bremsespor i vegen
Rykta om kunstverket deira gjekk fort, og trafikken har auka kraftig forbi
heimstaden til Instebø.
- Eg har sett mange bilar som har bråbremsa når dei har køyrt forbi, og det er til og med bremsespor i vegen. Folk går ut av bilane for å ta bilete av skulpturen, ler Instebø.
Han fortel at det var ideelle forhold då snøskulpturen vart skapt for to veker sidan, med kram snø som fraus til i løpet av natta.
Ny konkurranse neste år
- At skulpturen skulle skape så stor merksemd, det hadde eg ikkje trudd, seier
Instebø.
Det er tredje året han og vennene har hatt den uhøgtidelege konkurransen.
- Kva det blir neste år, det veit eg ikkje, seier Instebø.