Denne oppmodinga kom Sp-politikaren med på Facebook.
«Det hadde vore veldig fint om noken kunne plante eit par skudd i denne brødløken. Utvisning i frå Norge for all fremtid kan også vere eit alternativ», skreiv kommunestyrerepresentant Per Inge Indrebø i Jølster Senterparti på Facebook torsdag morgon.
Angrar
Når Firda.no tar kontakt eit par timar etterpå, vel Indrebø å slette innlegget. Statusoppdateringa kom som ein reaksjon på eit av omstridde Arfan Bhatti sine utspel i samfunnsdebatten den siste tida.
Bhatti er tidlegare kriminell, og var med på skytinga mot synagogen i Oslo i 2006. Dei siste månadane har han forsøkt å gjere seg til ein slags talsmann for norske islamistar, og heldt mellom anna appell under ein demonstrasjon mot Norge sitt Afghanistan-engasjement i Oslo 20. januar.
No angrar den 25-årige lokalpolitikaren på Facebook-angrepet mot Bhatti.
- Dumt av meg
- Eg kjem til å logge på og slette innlegget no, dette var dumt av meg, seier Per Inge Indrebø.
Han legg til at han berre har site som folkevald i vel fire månader sidan valet i haust, og håpar det kan få vere lov å gjere feil.
- Eg beklager heile innlegget på det sterkaste. Eg står ikkje inne for det eg skreiv, seier han.
Partiet tar avstand
Fylkessekretær i Sogn og Fjordane Senterparti, Per Rune Vereide, vert opprørt når Firda.no ringer.
- Dette er heilt nytt for meg, men om eg får meldinga hans rett referert tar Senterpartiet heilt klart fullstendig avstand frå slike utsegn, seier Vereide.
- Etter mitt syn er det heilt håplaust og fullstendig forkasteleg å gje uttrykk for slike synspunkt i offentlegheita, legg fylkessekretæren til.
- Har Senterpartiet retningsliner for korleis folkevalde bør opptre i sosiale medium?
- Nei, ikkje anna enn at kvar enkelt må nytte sin eigen sunne fornuft. Her har det tydelegvis ikkje skjedd, svarer Vereide.
Politikarkollega: - Fullstendig uakseptabelt
Meldinga frå Indrebø var tilgjengeleg for alle dei fleire hundre vennene hans eit par timar torsdag føremiddag. Ein av dei som sperra opp auga då han såg statusoppdateringa, var fylkesstyremedlem Marius Reiakvam i Sogn og Fjordane Frp.
- Eg synest jo det er mildt sagt oppsiktsvekkjande at ein folkevald kan få seg til å skrive noko slikt. Slik eg les meldinga er det ei rein oppmoding til drap på Bhatti, seier Reiakvam.
Han legg til at han sjølvsagt også sjølv er heilt ueinig i alt Arfan Bhatti står for.
- Men det er ein lang veg å gå frå å vere ueinig til å komme med slike ytringar, seier Reiakvam, som kallar Facebook-meldinga frå Indrebø fullstendig uakseptabel.