...
Rolf Domstein i Domstein ASA legg no ned drifta i Måløy. Foto: Helge Johnsen

90 arbeidsplassar tapt i Måløy

Domstein ASA legg ned drifta.

Idar Stadheim
Publisert 30.01.2012 kl 12:54 Oppdatert 30.01.2012 kl 12:56

Tips ein venn på e-post:


Avdelinga har ifølgje selskapet sjølv gått med underskot "i fleire år" og styret ser ikkje lenger mogelegheiter for å oppnå lønnsemd.

Domstein ASA har ein omsetnad på kring 155 millionar kroner, og har rundt 90 tilsette.

Etter at det danske selskapet A. Espersen no overtek produksjonen av torskefilet, og flyttar denne verksemda til fabrikkar i Polen og Litauen, vil desse 90 tilsette i Måløy no misse arbeidet.

Desse tilsette blir oppsagde frå tidlegast 30. april.

Selskapet opplyser at nedlegginga er venta å gi ein årleg positiv resultateffekt på 5,9 millionar kroner. Dei ventar også ein eingangsgevinst på 10 millionar kroner i 2012.

Tiltaka vil redusere konsernets omsetnad med kring 70 millionar årleg, og balansen med rundt 70 millionar kroner i løpet av 2012. Selskapet ventar også ei vesentleg styrking av arbeidskapitalen og likviditeten.

Seifileten skal no etter planen produserast i Kalvåg, medan anna produksjon blir flytta til Kungshamn i Sverige.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.