Med seg har dei Arne Hjeltnes, Helene Bøksle og Andreas Viestad.
Den 2. til 5. februar går seminaret «Midatlantic Travel Seminar» av stabelen i Reykvavik.
Under dette seminaret har Høyanger-bedrifta Destination Management Company fått oppdraget å vere vertskap på vegneer av Norge, for å promotere for å promotere Vestlandet, Sognefjorden og Trøndelag.
Jan Erik Fredriksen, produktutviklar og foredragshaldar ved DMC, fortel at det no ventar eit stort arrangement på Island.
Seminaret blir halde i det nye operahuset i Reykjavik, og kring 600 gjester er venta.
Fredriksen, som opphavleg er frå Høyanger, fortel at det blir teknisk krevande, og at dei difor har 28 som jobbar i kulissane med produksjonen.
- Vi håpar at vi vil gjere ein god jobb for fylket, for å få eit berekraftig næringsliv, seier Fredriksen.
God hjelp
For å få til dette har han fått med fleire støttespelarar, som han beskriv som nokre av dei beste for å fremje norsk natur, mat, musikk og kultur.
Blant anna har han med seg Arne Hjeltnes, som også blir vert under seminaret.
I tillegg er også TV-kokk Andras Viestad, kjend frå serien «New Scandinavian cooking», med på å utforme menyen.
Samstundes vil Helene Bøksle og Valkyrien Allstars stå for musikken.
- Arne Hjeltnes har eit utruleg godt bilete frå sine reiser i verda, på korleis ulike turistar tenkjer om Norge, seier Fredriksen.
Visuell reise
Men det er ikkje berre med hjelp frå enkeltpersonar at Fredriksen håpar å få opp merksemda kring Norge som reisemål.
- Vi skal ta folk på ei visuell reise, og unngå å halde lange foredrag, seier Fredriksen, som fortel at dei kjem til å køyre videoar på 16 forskjellige storskjermar, for å visualisere Vestlandet for kommande turistar.
– Vi kjem til å bruke videomarketing for å forsøke å nå dagens unge, eller "youtube-generasjonen" som dei blir kalla. Dei vil sjå kva tilbod vestlandet har, ikkje lese eller sjå bilder, seier Fredriksen, som fortel at dei har fått med seg TV-produksjonsselskapet Tellus Works for å hjelpe seg med dette.
- Vi kjem til å køyre ei episk opning. Tellus Works er av dei som har filma mest av norge frå helikopter, seier Fredriksen.
Reiseliv året rundt
Og lukkast dei med promoteringa, håpar Fredriksen at dei vil auke turistinteressa kring Norge, og då ikkje berre i sommarsesongen.
- Vi vil køyre eit tydeleg språk om at Norge også kan tilby noko både haust, vinter og vår, seier Fredriksen.