– Er det slik at nokon skal måtte døy for at ein skal bli høyrt? spør Tayeb Hoshyar og Shahab Shamloo.
Hoshyar er kurdisk flyktning frå Iran og har budd i Norge i fire år.
Saman med landsmannen Shahab Shamloo, fortel han at dei er kritiske til måten asylsøkjarar blir behandla på i Norge.
Dei ser på dødsbrannen i Mølletunet som eit tragisk eksempel på dette, og Hoshyar meiner myndigheitene må ta sin del av skulda for at kvinna gjekk til steget å ta livet av seg sjølv og hennar 20 månader gamle son.
Må ta mykje av skulda
– Sett deg i hennar situasjon, på eit lite rom dag ut og dag inn, med svinnande håp om å bli i landet. Og så får du beskjed om at du må reise, seier Hoshyar, som reagerer sterkt på at avslaget kom like etter at kvinna fekk vite at søstera hennar hadde døydd på Sri Lanka.
– Kva skulle ho då gjere? seier Hoshyar, som fortel at slik han ser det, er Utlendingsnemnda medansvarlege i tragedien.
– Det blir som om dei heldt bensinkanna over ho, seier Hoshyar.
Fekk sjølv avslag
Sjølv fekk han den harde nyheita om avslag på sin asylsøknad i november i fjor. No, i lys av si eiga oppleving, og tragedien i Mølletunet, fortel han at han ikkje bryr seg om å bli i Norge lenger. Han har innfunne seg med at han må reise tilbake til Iran.
– Då eg flykta, kom eg til landet med håp om å få fred. Eg fekk det motsette. Elende har eg sett kvar dag, og eg har mange vonde minne frå Norge, seier Hoshyar, som fortel at han også forsøkte å gjere ende på livet sitt grunna den vanskelege situasjonen han opplevde som asylsøkjar.
– Folket her er gode, men systemet er forvridd, seier han.
Fryktar for livet
For Shahab Shamloo er asylsøknaden hans framleis under behandling, og iranaren, som i heimlandet er forfattar og poet, fryktar for sitt eige liv om også han blir send ut av landet.
Diktsamlinga hans, «Of the Path and of the Drops», inneheld kritikk av islam og styret i Iran, og Shamloo fryktar difor for livet sitt om han blir send tilbake.
– Eg vil ikkje tilbake til Iran for å bli drepen. Då endar eg heller livet mitt her, seier Shamloo.
Må ikkje skje att
Begge trur dei at dei personleg har lite å vinne på å komme med denne kritikken.
– Ingen av oss gjer dette for skuld vår individuelle situasjon. Vi vil fortelje dette for å betre lagnaden til andre asylsøkjarar, seier Shamloo, som fortel at asylsøkjarar generelt er redde for å ytre seg grunna situasjonen i landa dei kjem frå.
Hoshyar veit at han snart blir send tilbake til Iran, men det er ikkje motivet for å komme med denne kritikken.
– Vil vi at dette skal skje igjen? spør han.
Var ikkje endeleg bestemt
I avslaget konkluderer Utlendingsnemnda at Garolin Nesaraja ikkje hadde behov for vern og at det var trygt å returnere.
Informasjonssjef i Utlendingsnemnda, Bjørn Lysne, fortel at dei ikkje kommenterer enkeltsaker, og viser til teieplikta, men kan gje ei generell utsegn i saka.
- Ho hadde inne ei omgjeringsanmodning hos UNE, som vi fekk inn no 11. januar, og som våre folk allereie hadde byrja sjå på, men ikkje rukke å svare på. Ho kunne difor ikkje vite om ho ville fått opphaldsløyve eller ikkje, ut frå argumenta i omgjeringsanmodninga. Det låg dessutan nye omstende inne i den omgjeringsanmodninga, som ikkje var inne i saka, førre gong UNE behandla den, seier han.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir