Forhandlingane ikkje avgjerande for avgjersla.
Torsdag sa Bremanger kommunestyre ja til vindkraft. Vindkraftparkane på Guleslettene og Hennøy var samrøystes, medan utbygginga på Bremangerlandet vart tilrådd med 18 mot fem røyster. Flora bystyre har tidlegare sagt ja til utbygginga på Guleslettene.
Saknar rettningslinjer
Kåre Jarl Langeland (V) sit i forhandlingsutvalet og saknar klare statlege retningslinjer, slik det er på vasskraft i dag.
– Det er merkeleg at ein har eit slikt frislepp, når ein ikkje har retningslinjer på plass. Selskapa får disponere store naturområde i 25 år framover. Det vi då må gjere i forhandlingsutvalet er å prissetje dette. Vi etterlyser eit statleg kraftregime som kan hjelpe med dette, seier han.
Forhandlingane ikkje avgjerande
Med ei positiv innstilling frå kommunestyre i kraft-kommunen, var ikkje forhandlingane med utbyggjar avgjerande for den endelege avgjersla.
– I Bremanger er det ingen motstand frå kommunestyre si side. For oss var det viktig å få avtalane på plass før vedtaket vart fatta. Vi fekk ikkje det vi ville, men det er slik i forhandlingar er, ein gir og tar, seier han.
Han meiner også at motstanden, som har vore lokalt, gav forhandlingsutvalet eit ekstra kort på handa.
– Eg er sikker på at røysta frå motstandarane, gjorde utbyggjarane meir villig til å bøte på tiltaka, seier han.
Dette er eit utdrag av resultatet av forhandlingane mellom utbyggjarane Zephyr og Vestavind Kraft og Bremanger kommune:
Tala er henta inn av Firdaposten.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir