...
STARTA BRANNEN SJØLV: Førebelse funn som følgje av taktisk og teknisk etterforsking syner at den 24-årige kvinna sjølv starta brannen ho sjølv og den 20 månader gamle sonen omkom som følgje av. Foto: Benjamin Hellebø/Bent Are Iversen/Montasje/FIRDA

Dødsbrann var påsett

Den omkomne 24-åringen starta sjølv brannen i Mølletunet.

Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 19.01.2012 kl 09:00 Oppdatert 19.01.2012 kl 12:59

Tips ein venn på e-post:


Den 24 år gamle kvinna som døydde av skadene ho fekk under ein brann i ei leilegheit i Førde måndag, var sjølv brannstiftar.

- Etter alt å dømme vil vi konkludere med at brannen har vorte påsett inne på det rommet der mor og barnet vart funne, seier Førde-lensmann Jan Egil Tvinde i ei pressemelding.

Også 24-åringen sin 20 månader gamle son omkom som følgje av skadene han fekk i brannen.

Kjenner ikkje motivet

- Ut frå funna i etterforskinga vår så langt, ser vi det som sannsynleg at det var mor sjølv som var brannstiftar. Det er samsvar mellom den taktiske og tekniske etterforskinga som gjev oss grunnlag for å seie dette, forklarer Tvinde.

Han fortel at politiet til no har konsentrert etterforskinga fullt og heilt om kva som faktisk har skjedd. Eventuelt motiv er enno ikkje klarlagt.

Vart funne medvitslause

Politiet fekk melding om brannen klokka 15.38 måndag ettermiddag. Då brannmannskapa ankom staden var både kvinna og barnet alt redda ut av bygningen av heltemodige naboar.

Naboane fann begge dei to hardt skadde liggjande medvitslause i ei av leilegheitene i Mølletunet, ein bygning som i alt husa 27 asylsøkjarar frå ulike land.

Det viste seg raskt at dei to hadde alvorlege brannskader og via Førde sentralsjukehus vart dei raskt overført til brannskadeavsnittet ved intensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus i Bergen, kor dei begge seinare døydde, høvesvis tysdag kveld og onsdag morgon.

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.