...
DØYDDE: Her vert dei kritisk skadde tatt ut av redningshelikopteret som frakta dei frå Førde til Bergen måndag ettermiddag. Høvesvis tysdag kveld og onsdag morgon vart kvinna (24) og barnet (20 mnd) erklært døde. Foto: Nikita Solenov/Bergensavisen

Brannoffera døydde av skadene

Kvinne (24) og gut (1) omkom etter brannen i Mølletunet måndag.

Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 18.01.2012 kl 15:15 Oppdatert 19.01.2012 kl 08:27

Tips ein venn på e-post:


Ei 24 år gammal kvinne og den 20 månader gamle guten hennar døydde av skadene dei fekk i brannen i eit bustadkompleks i Steinavegen i Førde måndag ettermiddag.

Det stadfestar politiet i Førde på vegner av Haukeland universitetssjukehus overfor Firda.no onsdag ettermiddag.

Kvinna, som kjem frå Sri Lanka, skal ha blitt erklært død seint tysdag kveld. 1-åringen tidleg onsdag morgon.

Vart funnen medvitslaus

Politiet fekk melding om brannen klokka 15.38 måndag ettermiddag. Då brannmannskapa ankom staden var både kvinna og barnet alt redda ut av bygningen av heltemodige naboar.

Dei hadde funne begge liggjande medvitslause i leilegheita si i Mølletunet, ein bygning som i alt husa 27 asylsøkjarar frå ulike land.

Dei to hadde alvorlege brannskader og vart først sendt til Førde sentralsjukehus, kor dei raskt vart overført til brannskadeavsnittet ved intensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Tilstanden har heile tida blitt karakterisert som kritisk.

Faren til den 20 månader gamle babyen er kurdisk asylsøkjar. Han skal vere orientert om hendinga og på veg til Førde.

Veit brannårsaka

Ytterlegare tre andre personar vart sendt til sjukehus etter brannen. Ingen av desse skal ha fått alvorlege skader.

Politiet etterforskar brannen, og har gjennomført gransking av brannstaden og fleire vitneavhøyr. Dei skal ha funne fram til brannårsaka, men avventar førebels å gå ut med meir informasjon.

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.