Jente tok til tårer etter å ha blitt overhøvla.
Asbjørn Ytredal var vitne til det han meiner var frekk og arrogant oppførsel av ein bussjåfør då han tok føremiddagsbussen frå Bergen til Sandane sist tysdag. Jenta det gjekk utover tok til tårene.
- Slik oppførsel er ikkje akseptabel, og står i grell kontrast til busselskapa sine sterke oppdringar om å bruke bussen, seier Ytredal.
Spurde bussjåfør om fryserabatt
Ifølgje Ytredal var bussen ein time foreseinka frå Bergen. På vegen til Førde
gjekk ei ung jente på bussen. Ytredal sat fremste setet i bussen.
- Ho spurde høfleg om det var mogeleg å få rabatt. Sjåføren svara aggresivt: "Og kvifor skulle du det"? Og jenta svarde, framlei i ein høfleg tone: "Kanskje fordi eg har stått og frose i ein time". Sjåføren såg lenge på henne før han svarde: "Det er du ikkje åleine om", i ein tone som eg oppfatta som frekk og aggressiv, seier han.
Jenta sette seg i setet vis a vis han fremst i bussen, og Ytredal såg at tårene rann.
Ytredal spurde sjåføren om det ikkje var på sin plass å be om unnskylding, men følte seg føysa vekk av bussjåføren.
På veg ut av bussen ropte bussjåføren til jenta: "Eg får vel be om unnskulding då", fortel Ytredal.
-Ikkje slik
- Når eg høyrer slike historier, blir eg skuffa. Det er ikkje slik eg ønskjer
at vi skal stå fram, seier trafikksjef i Firda Billag, Tore Masdal om
episoden.
-Skjer slikt ofte?
-Ikkje ofte, men inn i mellom, og når vi får slike tilbakemeldingar, tek vi dei alvorleg, seier Masdal, som vil ta kontakt med vedkommande sjåfør for å få hans versjon av saka.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir