– Kunstnarane blir drukna i amatørisme

– Det har ikkje vore nyetablering av biletkunstnarar i Sogn og Fjordane på 15–20 år. Men det er heller ikkje lett å trekkje profesjonelle kunstnarar til eit fylke som elskar amatørar.
Publisert 24.04.2003 kl 18:42 Oppdatert 25.04.2003 kl 13:53

Tips ein venn på e-post:

...
GRÅ KVARDAG: ¿ Seinast i førre veke vart bilete som er laga i Dale stilt ut i Milano. Men merksemda her i fylket går til kvardagskunsten, seier Arild Bergstrøm. Arkivfoto: Katrine Sele.

Det seier biletkunstnar Arild Bergstrøm, etter at forskar Georg Arnestad la fram tal som tyder på at Sogn og Fjordane er i ferd med å bli kulturfattig.

Haldningane

– For biletkunstens del er det mange ting som spelar inn. Fylket har spreidd busetnad, mangel på fagleg miljø, det er vanskeleg å få tilgang på relevante strøjobbar som ofte er nødvendige å ha, og det er vanskeleg å få selt kunstverka her. Dessutan arbeider unge kunstnarar i etableringsfasen med nye uttrykk og teknikkar, og er ikkje så mykje på jakt etter natur, og dei har nettverka sine i byane. Alt dette skaper hindringar for å få kunstnarar til å slå seg ned her. Men i tillegg er dei haldningane profesjonelle kunstnarar møter i Sogn og Fjordane eit stort problem, seier Bergstrøm.

Alle like gode¿

– Sogn og Fjordane er eit fylke som elskar amatørismen. Det er ein kjærleik som ikkje minst blir dyrka fram gjennom Firda og NRK Sogn og Fjordane. Media har ingen kunstfagleg kompetanse, og byggjer opp under eit inntrykk av at alle er likeverdige som kunstnarar, anten dei driv med trolldeig eller litografi. Dette er forferdeleg farleg. Mangelen på eit profesjonelt miljø rundt kunsten har etter mi meining medverka til at det ikkje har blitt attraktivt å busetje seg her, seier han.

– Ved Nordisk kunstnarsenter i Dale bur og arbeider det til kvar tid fem kunstnarar av internasjonalt format. Seinast i førre veke vart kunstverk som er laga i Dale stilt ut i Milano. Men media som Firda rettar merksemda si andre vegar, seier Bergstrøm.

Blir uinteressant

Han meiner at Sogn og Fjordane ikkje blir interessant for kunstnarar som ser fylket utanfrå, fordi ein her jamnar ut alt og behandlar amatørar som om dei var profesjonelle.

– Det kjennest forstemmande for biletkunstnarar som kanskje har brukt seks–sju år på å utdanne seg og som satsar seriøst på kunsten, når kven som helst som lagar bilete som hobby får den same merksemda i media, seier Bergstrøm.

– Igjen sportsjournalist ville finne på å sidestille eit sjuandedivisjonslag med Sogndal og gi sjuandedivisjonslaget tilsvarande omtale. Men når det handlar om kulturen, finn vi ikkje slike skilje etter kvalitet. Dette er med på å gi kunstnarmiljøa utanfor fylket eit inntrykk av at Sogn og Fjordane er ein stad der det ikkje skjer spennande ting. På den måten blir det endå vanskelegare å få fram det spennande som faktisk skjer her, seier han.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.