...
EKSTREMVÊR: Slik såg det ut på E39 gjennom Førde sentrum om kvelden 2. juledag. Flaumen i indre Sunnfjord kom berre eitt døgn etter at orkanen Dagmar herja Sogn og Fjordane. Foto: Stig Roger Eide

Slik får ekstremvêra namn

Les korleis og kvifor Dagmar, Cato og Berit vart til.

Publisert 06.01.2012 kl 11:31 Oppdatert 06.01.2012 kl 15:08

Tips ein venn på e-post:

Uvêrsdøgnet i bilete

...

Dagmar skapte store øydeleggingar i fylket. Her kan du sjå biletserie frå uvêret.

Sjå biletserie

Ekstremvêr er uvêr så kraftige at vinden, nedbøren, vasstanden eller snøskredfaren vert så stor at liv og verdiar kan gå tapt.

«Agnar» var først

Sidan 1995 har ekstremvêra i Norge fått namn, og aller først ut var Agnar. Han kom inn som ein sterk storm over Nordmøre og Trøndelag 12. oktober.

Talet på ekstremvêr varierar. I 2010 hadde vi berre eit, i 2009 ingen, men heile fem i 2008. Berit var det første i 2011, og fekk seinare følgje av kjendisane Cato og Dagmar første juledag.

Alle skal vite

Det er Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo som har fått ansvaret med å setje merkelappen ekstremvêr på uvêra, og det er dei som bestemmer namna, skriv storm.no.

Tanken bak er at når uvêret har fått namn skal både politi, beredskapsavdelingar, media og folk i dei utsette områda vite kva vêrhending det er snakk om.

Annankvar

Namna følgjer alfabetet, og annankvart uvêr får gutenamn, og annankvart jentenamn. Unntaket er namn som startar på Q, W, X, Z, Æ, Ø og Å, desse får ikkje ekstremvêr oppkalla etter seg.

Meteorologisk institutt har til ei kvar tid lister med namn frå A til Y klare, men insisterer på å halde den hemmelig.

– Vi må jo prøve å unngå at media spekulerar, og halde på spenninga, seier statsmeteorolog Bjart Eriksen til yr.no.

Norske namn i Sverige

Tropiske syklonar har fått namn lenge, og her i Norge er det ikkje uvanleg at vi brukar namna deira om restane etter uvêra når opp til oss.

Storbritannia og Danmark gir ikkje ekstremvêra namn, medan Sverige på si side brukar dei norske namna på uvêr som har fått namn hos oss.

– Også Tyskland gir ekstremvêr namn, fortel Storm-meteorolog Roar Hansen til storm.no.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.