...
PÅ TV: Den første av dei tre «Alene hjemme»-filmane går på TV 2 julaftan. Foto: ANB-arkiv

Her er TV-guiden for julaftan

Vi har laga ein oversikt over det du kan sjå på TV sjølve julaftan.

Publisert 24.12.2011 kl 13:23 Oppdatert 24.12.2011 kl 13:24

Tips ein venn på e-post:


Alle dei gamle juleklassikarane med meir skal tradisjonen tru plukkast fram og visast att når vi no går inn i julehøgtida.

Her får du eit knippe av det storkanalane NRK 1, TV 2, TV Norge og TV 3 har på sendeskjemaet laurdag, altså sjølve julaftan.

JULAFTAN

NRK 1

«Tre nøtter til Askepott» - visast klokka 11.00.

Denne tsjekkiske storfilmen syner ei anna Askepott enn den mange kjenner frå eventyret. Her er Askepott ei glad jente som både rir og skyt med pil og boge. Først etter farens død begynner det å skje ting som gjer livet vanskeleg for ho. Så ein dag dukkar prinsen opp.

«Reisen til julestjernen» - visast klokka 12.25

Norsk spelefilm frå 1976. Den lille prinsesse Gulltopp (Hanne Krogh) forsvinn på sjølvaste julenatta. Ho har gått ut i skogen heilt aleine for å finne julestjerna, som hun ønskjer seg av heile sitt hjarte.

«Elling» - visast klokka 21.20

Norsk Oscar-nominert komedie frå 2001. Etter to år på behandlingsheim skal Elling (Per Christian Ellefsen) tilbake til den tilsynelatande verkelegheita. Saman med sin noko enklare romkamerat Kjell-Bjarne (Sven Nordin) har han fått ei trygdeleilegheit på Majorstuai Oslo med beskjed om å klare seg sjølv.

TV NORGE

«Nissene over skog og hei - kavalkade» - visast frå klokka 10.10 til 16.30

Alle dei 24 episodane av Espen Eckbo og Kristian Ødegaard sin hysteriske julekalendar på løpande band heile dagen.

«Happy Feet» - visast klokka 16.50

Animasjonsfilm frå 2003. Hos keisarpingvinane lukkast du ikkje uten ei songstemme – det er synd for den søte pingvinen Mumble.

«Høy på pæra – julespesial» - visast klokka 18.50

Eksentriske Hyasint Bucket med familie feirar jul. Sjølvsagt med dei mest latterlege forviklingar.

«Fred Claus» - visast klokka 20.30

Vince Vaugh har hovudrolla som den gretne broren til nissen i denne amerikanske julekomedien frå 2007.

TV 2

«Mikkes Magiske jul og «Timmi Gresshoppes julefest» -visast klokka 13.13 og 14.35

To søte juleklassiske teiknefilmar signert Walt Disney.

«Santa Clause» - visast klokka 16.15

Feelgood-komedie kor Scott Calvin (Tim Allen) får kontakt med sonen sin etter å ha stiftaa kjennskap med julenissen, som har ramla ned frå eit tak på sjølvaste julaftan.

«Alene hjemme» - visast klokka 19

Amerikansk komedieklassikar frå 1990. Åtte år gamle Kevin McCallister (Macaulay Culkin) blir attgløymd heime i storbyen Chicago, medan resten av familien dreg på juleferie til Paris.

«Hjem, kjære hjem» - visast klokka 21

Reese Witherspoon, Josh Lucas og Patrick Dempsey har hovudrollene i denne romantiske komedien frå dei amerikanske sørstatane.

«12 Men of Christmas» - visast klokka 23

Romantisk komedie frå 2009 med Kristin Chenoweth i hovudrolla som vert dumpa både av sjefen og kjærasten på same dag.

TV 3

«Pinocchio» - del 1 klokka 11.45 på julaftan og del 2 kl. 11.25 på 1. juledag

Italiensk-engelsk langfilm om den lille treguten Pinocchio.

«A Christmas Carol» - visast klokka 13.40

Animasjonsfilm om Ebenezer Scrooge som vil øydelegge jula.

«Polarekspressen» - visast klokka 15.25

Alle tiders eventyrfilm for heile familien om jakta på julenissen.

«Hjelp, vi må på juleferie til Hyacint!» - visast klokka 17.20

Familien Griswald let seg nok ein gong lokke med ut på tur av øvrige familiemedlemmer.

«Sundays at Tiffany's» - visast klokka 19.10

Amerikansk romantisk drama frå 2010. Med Alyssa Milano og Eric Winter i hovudrollene.

«Man of the Year» - visast klokka 21

Komedie frå 2006 med Robin Williams i hovudrolla.

«Duften av en kvinne» - visast klokka 23.20

Drama frå 1992 med Al Pacino, Chris O'Donnell og Philip S. Hoffman i hovudrollene.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.