...
Foto: Bent Are Iversen

Politikar skapte oppstuss

Meinte eks-ordførar ikkje var brukande

Knut Magnussen E-post
Publisert 13.12.2011 kl 20:25 Oppdatert 14.12.2011 kl 08:18

Tips ein venn på e-post:


– Vi treng ein representant i Helse Førde-styret som er kreativ og evnar å tenkje nytt. Det gjer ikkje Bente Frøyen Steindal!

Tilhøvet mellom tidlegare ordførar Bente Steindal, Ap, og Jacob Nødseth, H, har lenge vore mildt talt anstrengt.

I bystyret tysdag skapte Nødseth oppstuss då han forkynte kvifor han uansett ville nekte å stemme på den tidlegare Flora-ordføraren som kandidat til styret i Helse Førde, saman med ein annan kandidat, Kjartan Olafsson.

Refs

Utbrotet frå Nødseth fekk Frank Willy Djuvik, Frp, til å entre talarstolen og refse Høgre-representanten:

– Utspelet frå Nødseth er langt over streken for kva ein skal tillate av personkarakteristikkar i bystyret, og ordføraren burde ha brukt klubba, sa Djuvik, som minte Nødseth om at det er dei kvalifikasjonane Helse Førde er ute etter, ikkje kva eigenskapar Nødseth meiner kandidatane har eller bør ha, som til sjuande og sist er avgjerande.

Time-out

Kraftsalva frå Nødseth førte også til at Høgre sin gruppeleiar Hanne Kristensen bad om ein kort time-out før det vart votert. Olafsson sit kandidatur var samrøystes, medan Steindal vart vald mot Nødseth si eine stemme!

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.