...
OPPGRADERING. Norsk Motor Import gir to nye motorsyklar til køyretøy-linja ved Øyrane VGS. På biletet: Frå venstre: Tore Valvik, Merete Solheim, Tore Kalstad, Erlend Holen Eldevik (delvis skjult), Tor Erik Øybost, Knut Tore Bøe Vereide (på huk), Jon Robert Pedersen (bak), Vendel Marie Liseth, lærar Arvid Slåtten, teknisk sjef ved NMI, Lars Ove Rosenlid, Roy Valvik og Jan Kjetil Herland. Foto: Idar Stadheim

Julegåve til 500.000

Før skrudde elevane på Øyrane vidaregåande på eigne mopedar under opplæringa på motorsyklar. No står to toppmoderne motorsyklar i verkstadhallen deira.

Idar Stadheim E-post
Publisert 10.12.2011 kl 10:41 Oppdatert 10.12.2011 kl 13:12

Tips ein venn på e-post:

...
FØLGJER MED. Lars Ove Rosenlid, teknisk sjef ved NMI (t.v.) Viser elevane Tor Erik Øybost, Tore Valvik, Vendel Marie Liseth og Merete Solheim korleis ein diagnoserer sykkelen via eit eige datasystem. Foto: Idar Stadheim

- Eg reknar med at dette kan bli ein real interessevekkjar for MC-faget, seier lærar ved VG2 køyretøy, Arvid Slåtten.

Han fortel at sjølv om dei er ei felleslinje for bil, lastebil og motorsykkel, så har hovudvekta stort sett lege på bil.

- Vi har mangla eit tilbod som dette. At vi no får ei slik gåve, saman med teknisk kursing er veldig positivt for skulen, seier Slåtten, som fortel at MC-opplæringa tidlegare ofte har vore på elevar sine eigne mopedar og lettmotorsyklar.

Toppmoderne syklar

No står både ein toppmoderne R-sykkel, og ein klassisk customsykkel i verkstaden, begge fulle av moderne teknologi. Og Slåtten er ikkje i tvil om at her er mykje å lære, også for lærarane.

-Det er klart at det er spennande for ein 17-åring å få jobbe med slike syklar, seier Stølen, som legg til at dette er maskiner dei neppe hadde fått midlar til å kjøpe inn frå fylkeskommunen.

Begge syklane er av merket Kawasaki, og den eine er verdas raskaste, serieproduserte motorsykkel, og sparkar frå med over 200 hestekrefter.

Roy Valvik, dagleg leiar i Norsk Motor Import, har sjølv utdanning frå køyretøylinja. Han såg at utstyret skulen hadde på motorsykkelfronten, var byrja å bli utdatert.

- Alt dei hadde innan MC-utstyr var ein gammal motor frå då MC-senteret brann ned. Den motoren var heller ikkje i produksjon lengre, seier Valvik, som trur at det vil vere vanskeleg for elevane å bli interessert i motorsykkelmekanikk, når utvalet er så snevert.

- Mekanikk blir meir og meir avansert, og inneheld mykje elektronikk. For at utdanninga skulle henge med i tida, tenkte eg at dei måtte få skikkeleg utstyr på plass, seier motorsykkelimportøren.

Håpar på auka interesse

Valvik fortel at firmaet gir gåva også for bransjen sin del. Få mekanikarar utdannar seg innan motorsykkelfeltet, og Valvik trur at litt av grunnen har med materielltilbod ved skulane å gjere.

- Då eg sjølv gjekk på skulen, henta ein gamle bilar på skraphandelen, og skrudde på dei. I arbeidslivet er det ei heilt ny verd, der mykje ein ser er nytt. Vi håpar at dette kan gjere elevane litt meir rusta for kommande arbeidsoppgåver, seier Valvik.

Etterlengta tilbod

- Dette har vore etterlengta, fortel Merete Solheim (17).

Ho har ei stor interesse for motorsyklar, og har lenge sakna eit større utval ved skulen.

- Eg har alltid sagt at ei køyretøylinje burde ha eit utval av alle typar køyretøy vi kan jobbe med. Ikkje berre bilar, seier Merete, som fortel at det er bilmekanikk dei fleste tenkjer når dei høyrer om køyretøylinja ved skulen.

Når dei nye motorsyklane no er på plass, håpar ho at fleire vil opne auga for motorsyklar.

- Eg har tidlegare hatt sommarjobb ved NMI, og eg har verkeleg sakna å skru på syklar. At vi no får to slike syklar hit, er kjempekult, seier ho.

Jan Kjetil Herland (18) og Tor Erik Øybost (17), er også glade for at skulen har fått på plass moderne motorsyklar til å jobbe med.

- Det blir jo meir og meir elektronikk i bransjen. For oss blir dette ein ny verd vi møter meir i arbeidslivet, seier Øybost.

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.