Eva Weel Skram frå Sogndal vart laurdag kveld tildelt Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane.
Det er Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane som deler ut prisen kvart år. Vinnaren er stemt fram av 17.000 røyster frå lyttarar, samt ein breitt samansett fagjury, melder NRK i ei pressemelding.
Fagjuryen trekkjer fram Eva si evne til å skrive gode poplåtar og formidle dei på ein sterk og musikalsk måte som når eit breitt publikum.
– Eva som skriv mange av låtane saman med ektemannen Thomas Stenersen, har ei av dei beste popstemmene i Norge. Ho har lagt bak seg nok eit suksessfylt år. I februar gav ho og bandet Eva & The Heartmaker ut plata Dominoes, der fleire av spora har vore blant dei mest spelte i norsk radio.
I juryen sit Arnt-Ivar Naustdal frå Malakoff Rockfestival, Jan Inge Fardal i Sogn Avis, Atle Stalheim i Sparebanken Vest, Ronny Brede Aase i NRK P3, Øyvind Lyslo i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Stein Aase i NRK Sogn og Fjordane. I fjor var det folkemusikaren Sigrid Moldestad som fekk tildelt prisen under Julelutt i Operahuset Nordfjord.
Norske platemeldarar likte Dominoes, og trykte sogndølen til sitt bryst både som vokalist og låtskrivar. 26-åringen frå Sogndal har gjesta dei største festivalane i Norge, men også vore sterkt synleg på scenene i heimfylket, meiner juryen. Dei legg også vekt på at ho og bandet er blitt lagt merke internasjonalt av MTV og Italienske musikkelskarar, så vel som meldarar i New York Post.
Luttprisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. Prisen vart utdelt av distriktsjef i NRK Sogn og Fjordane Rolf Sanne-Gundersen.