Verdas største autolinefartøy har hermetikkfabrikk og to filetfabrikkar om bord
Båten er 60 meter lang og 14 meter brei, og har fem dekk. Den kosta 175 millionar og er bygd på det tyrkiske verftet Tersan Shipyard.
Trefte på andre forsøk
Det var Michell Ervik, dotter til ein av reiarane, Kjell Magne Ervik, som er gudmor for båten, som blei døypt i Borgundvåg på Stadlandet. Ho sende flaska mot båten klokka eitt laurdag, men første gongen kom flaska heil tilbake. På andre forsøk knuste flaska, og båten var døypt.
Fleire hundre menneske, deriblant små og store kjendisar frå Nordfjord, var møtt fram på kaia for å delta på skipsdåpen.
Stort mannskap
Båten skal ha eit mannskap på 22, men er bygd for 28. Dei siste mannskapsplassane er tenkt til bruk for lærlingar.
Det er Stig Ervik og Kjell Magne Ervik i Ervik Havfiske som eig båten. Dei starta med ein gammal linebåt i 1987, og har bygt opp reiarlaget til å bli størst i landet i sitt slag.
Til Barentshavet
«Frøyanes» skal først på prøvefiske, og deretter på fiske etter torsk, hyse og steinbit i Barentshavet. På første tur er det Stig Ervik sjølv som er skipper.
Først i landet med hermetikkfabrikk
Båten er den første i landet som har eigen hermetikkfabrikk. Den skal hermetisere lever, som er svært ettertrakta i Russland, der dei brukar den som pålegg og som snacks til Vodka.
Tidlegare har Ervik Havfiske levert fiskelever til tranproduksjon.
Dragarluke i botnen
«Frøyanes» er ein av svært få linebåtar i Norge som har dragarluke i botnen av båten i tillegg til på sida bak. Dette gir betre kvalitet på fisken og er sikrare for mannskapet, som slepp å jobbe ute i dårleg vêr.