­Tørrskodd til sommaren

Dersom alt går etter planen, kan ein teoretisk sett gå tø rrskodd over det nye vegsambandet mellom Bulandet og Værlandet frå sommaren av. I går starta arbeidet med å få på plass spennet over Olsundet.
Kenneth Ø. Monsen E-post
Publisert 10.04.2003 kl 05:00 Oppdatert 10.04.2003 kl 10:18

Tips ein venn på e-post:

...
SNART LANDFAST: Når brua over Olsundet står ferdig, noko som skjer i juni, kan ein teoretisk sett ta seg tørrskodd frå Bulandet til Værlandet. I går jobba ein med å få på plass stålkonstruksjonane som skal utgjere landfestet for spennet. Foto: Finn J. Hugøy

– Det er eit komplisert, og heller uvanleg stykke arbeid vi står framfor, seier Aril Hanekamhaug, prosjektleiar i Statens Vegvesen.

250 tonn gonger to

Eit digert kranskip starta i går forsøket med å få på plass dei to såkalla «utkragane» over Olsundet. Desse to stålkonstruksjonane, kvar med ei lengd på 56 meter og med ei vekt på 250 tonn, skal ut frå kvar si side av sundet. I løpet av første halvdel av juni skal midtseksjonen slepast opp frå Stavanger, og monterast saman med utstikkarane frå land.

– Denne midtseksjonen veg 600 tonn, opplyser Hanekamhaug. Som seier at når denne seksjonen er på plass, er dei to øyene fysisk knytt saman. For første gong i verdssoga vil det då vere teoretisk mogleg å gå tørrskodd frå Værlandet til Bulandet. Eller andre vegen.

Seks bruer

– Det er første gong i Norge, eller i verda for den saks skuld, at det vert bygd ein slik bru som no er i ferd med å komme på plass over Olsundet, seier prosjektleiaren. Det er sjølve brukonstruksjonen, ein sjølvberande stålbru utan annan forankring enn rampene på land, som er ny. I alle høve i slik målestokk det her er snakk om.

– Dette er mogleg å få til mellom anna fordi brua er laga med berre eit køyrefelt, noko som gjer konstruksjonen lettare en tofeltsbruer, opplyser Hanekamhaug.

Til saman seks bruer inngår i prosjektet som har fått namnet Fylkesveg 365 Bulandet-Værlandet. Samla sett vil bruspenna over Langøysundet, Olsundet, Brattholmen, Guriøyna, Ytre- og Indre Melværsund ha ei lengd på ein kilometer. Vegstrekket vil totalt verte like i overkant av 5000 meter.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.