Jerv i Fossheimsdalen

Sauebonde Rune Årdal i Jølster fryktar at jerven er i ferd med å etablere seg fast i Jølstrafjellet. Desse spora fotograferte han sø ndag.
Svend Arne Vee E-post
Publisert 08.04.2003 kl 14:23 Oppdatert 10.04.2003 kl 08:02

Tips ein venn på e-post:

...
Jervespora i snøen er tydelege. Dei viser at jerven har vore i Fossheimsdalen i Jølster nyleg Foto: Rune Årdal

Det var på skitur innover Fossheimsdalen at Årdal oppdaga jervespora. Jerven hadde følgt eit revespor på kryss og tvers nede i småskogen, såpass lågt som 400 meter over havet.

– Dyret hadde gått i området rundt kraftverksdammen. Vi fann også eldre jervespor, som utfrå veret dei siste dagane må ha vore to-tre dagar gamle, fortel Rune Årdal.

Fast tilhald?

Ifølgje Årdal er han slett ikkje åleine om å ha funne jervespor den siste tida. Også ved Kvannebakkbu skal det ha blitt sett spor etter mårdyret.

No trur han det er ei fare for at jerven enten har, eller er i ferd med å etablere seg fast i området.

– Du er sjølv sauebonde. Kva tankar gjer du deg no?

– Det gjer meg uroleg, heilt klart.

Treng hjelp

At det er jervespor det er snakk om, er Årdal ikkje i tvil om. Han var sjølv med på å spore jerv allereie i 1981. Jerven er såkalla sålegjengar og set store og svært karakteristiske spor etter seg i snøen.

–  Eg vil oppmode alle som skal i fjellet til påske om å ta med fotoapparat, slik at vi kan dokumentere og finne ut av korleis jervebestanden utviklar seg, seier Årdal.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.