ASKVOLL (firda.no): Innbyggjarane på øyane i Askvoll meiner den manglande mobildekninga no går på tryggleiken laus.
- Først skulle det vere i orden tysdag ettermiddag, så skulle alt vere i orden natt til onsdag, men no går vi i staden på andre døgnet utan noko form for dekning, fortel Bulandet-mannen Helge Norheim på telefon frå fastlandet.
Seint måndag ettermiddag forsvann nemleg alt av mobilsignal over store deler av øya Bulandet vest i Askvoll kommune.
Dette skal ha medført at over 200 personar ikkje har kunne verken ringe- eller motta anrop i snart 48 timar.
Har masa på Telenor
Norheim seier han sjølv ikkje er den som har prata mest med Telenor, men fortel at dei fleste på øya har teke kontakt med mobilgiganten sin kundeservice i løpet av dei to siste dagane.
- Det er mange som har ringt Telenor via fasttelefon, og beskjeden vi til ei kvar tid får er at dei jobbar med saken og at alt snart skal vere i orden. Utover det får vi null informasjon, seier Norheim.
«Ingen kontakt med nettverk»
Han sjølv fortel at han bur berre 300 meter frå mobilantenna på øya, og normalt har svært god mobildekning.
- Sidan måndag ettermiddag har eg berre fått opp meldinga «Ingen kontakt med nettverk», når eg prøvar å ringe eller sende tekstmelding, forklarer Norheim.
Bekymra for tryggleiken
Den fortvila mobilabonnenten synest det er trist at det skal gå så lang tid å få retta opp i problemet.
- Det går jo openbert utover tryggleiken til oss som bur her. Vi har jo som folk flest blitt vande med- og nærast avhengig av mobiltelefonen. Når det no ikkje finst signal, er det klart det i verste fall kan gå på kostnad av tryggleiken, seier Helge Norheim.
- Vi kjenner oss rett og slett sårbare, vedgår han.
Telenor: - Skal vere attende kl. 14
- Vi er fullt klar over problemet, vedgår informasjonssjef Per A. Meling i Telenor Norge.
- Problemet ligg i ein teknisk feil ved ein radiolinjestasjon på Ulvegrein, noko vi reknar med å retta opp i til klokka 14 onsdag ettermiddag, seier Meling som er rimeleg trygg på at dette vil føre til at mobildekninga kjem tilbake til øyfolket i Askvoll.
Dersom mobildekninga mot alle føremoner ikkje skulle komme attende til Bulandet i løpet av ettermiddagen, lover informasjonssjefen at det vil bli sendt montørar for å undersøkje om det òg kan vere feil ved ein basestasjon i området.