Dansehelga starta med oppvisningar på ungdomsskulane og på Skrivarløa fredag. Løa var smekkfull den første diskotekkvelden.
– Her er 175 personar, og det er vel så mange vi har lov å ha, opplyser Ove Henning Solheim.
Han fekk med seg oppunder 50 dansarar frå ulike Dans utan grenser-grupper på Austlandet til det første store arrangementet på Løa sidan gjenopninga.
Også laurdag var det mange ungdommar på diskoteket. Vel 120 personar ifølgje arrangørane. Bortsett frå ein dansar som fekk lett hjerneristing etter eit utilsikta slag under oppvisninga fredag kveld, gjekk arrangementet utan problem. Ungdommar frå Austlandet samla seg i lag med i overkant av 30 ungdomar frå Sogn og Fjordane i tre grupper for å ha workshop store delar av laurdagen og søndagen.
Publikum hylte og klappa frydefullt for dansarane som hadde oppvisning. Men det vart stille då dansarane frå Son avslutta fredagen med å tenne lys for 16 år gamle Dereka Maria Mikula som vart myrda for tre veker sidan. Bortsett frå gravferda var det første gong dansegruppa frå Son hadde oppvisning utan Dereka, og dei sleppte laus tårene etter dansinga på Skrivarløa.