Randi Førsund og Co får endå meir pengar til vikingfilmen "Hemnen".
Filmen "Hemnen" har vore under planlegging i fleire år, og har enno ikkje hatt nok pengar til å utvikle prospektet – som skal legg grunnlaget for å få investorar på plass.
Tysdag, i Hovudutval for plan og næring, fekk selskapet Leggbit AS 500.000 kroner av fylket. Tidlegare har dei støtta filmprosjektet med 250.000 kroner. Det er 75 prosent av kostnadene til promoteringa.
- Gambling
– Vår argumentasjon er at dersom fylkeskommunen ikkje støtta meir, ville ikkje filmen blitt noko av. Då hadde alt vore tapt, seier utvalsleiar Kjartan Longva (Ap).
– Er det gamling av fylkeskommunen?
– Ja, det er gambling, svarar Longva.
Spennande
Men han synest vikingfilmprosjektet er spennande om det vert ein realitet.
Leggbit AS er eig av Randi Førsund, Ole Gunnar Ballo er styreleiar og Nils Gaup styremedlem. Sistnemnde meiner filmen har internasjonalt potensial.