– Nokon synest kanskje det er eit fint naturinnslag, men korkje eg eller andre fruktbønder vil ha dei her.
Rådyr er i ferd med å etablere seg i Gloppen. Men det likar fruktbonde Martin Andenes dårleg.
Han seier til Firda Tidend at ikkje vil ha dei der av omsyn til frukta.
Mistanke
– Vi hadde ein mistanke, for det er observert spor både i eplehagen og i ein åker, men vi trudde lenge det var hjort, seier Andenes til avisa.
Han viser fram dei første bevisa. Nedre del av greinene på epletrea er snaugnagde og manglar lauvverk.
- Ikkje hjort
Seinast i førre veke såg Andenes ein rådyrbukk i området, og eit anna rådyr vart observert i det dyret kryssa E39.
Han er sikker på at det er rådyr som et på trea, for hjorten gneg lenger oppe. Dessutan kjem ikkje hjorten før seinare på hausten, påpeikar Andenes.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir