...
Kyrkjemedlemmene i Ålfoten sokn var dei ivrigaste ved valurnene i Bjørgvin bispedøme då det vart halde kyrkjeval 12. september. Foto frå Monsenhytta i Ålfoten. Foto: Rune Ripe

Ivrigast i Ålfoten

I den vesle bygda i Bremanger stemte nærast like mange ved kyrkjevalet som ved kommunevalet.

Janne G. Sørgulen
Janne G. Sørgulen Profil E-post
Publisert 16.09.2011 kl 21:00 Oppdatert 16.09.2011 kl 21:12

Tips ein venn på e-post:


Etter at valresultatet for kyrkjevalet i Bjørgvin bispedømme no er så å sei ferdig opptalde, er det klart at Ålfoten sokn i Bremanger kommune var blant dei ivrigaste til å røyste. Nærast like mange som ved kommunevalet. Her stemte seks av ti kyrkjemedlem – og oppslutninga landa på heile 58 prosent. Det skriv bt.no i dag.

Flytta soknepresten til Bergen
– Benkene er nok like tomme som i kyrkje flest hos oss på ein vanleg søndag. Men kyrkja betyr mykje for oss i lokalsamfunnet. Difor stiller vi sjølvsagt opp på valdagen, seier nyvalt medlem i soknerådet, Anne-Helene Taklo Myklebust til nettavisa.

– Det er tradisjon at mange stemmer ved kyrkjevalet hos oss, forklarar ho.

Engasjementet trur ho var ekstra stort i år, men at mange vart skuffa då kyrkjetoppane i Bjørgvin, trass mykje protestar, la ned soknepreststillinga i Ålfoten. Soknepresten vart flytta til ei stilling som kapellan i Loddefjord.

Ny rekord
Nokre sokn manglar framleis endelege resultat frå kyrkjevalet, men 90 prosent av røystene er no talt opp. Valet går over i historia, då oppslutninga for valet enda med 13,7 prosent. Dette er ein auke på 0,6 prosent, samanlikna med førre val for to år sidan.

Ifølgje bt.no finn ein dei slappaste kyrkjeveljarane i Sund. Her stemte ikkje meir enn fire prosent. Nyvalt soknerådsmedlem i Sund, Brynhild Enerhaug, trur forklaringa er lange avstandar mellom vallokalet til kyrkja og vallokalet til kommunevalet. Begge val vart gjennomført på same dag, måndag 12. september.

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.