Einaste norske kyrkje på topp ti-lista.
Nettsida today.com har kåra dei ti vakraste kyrkjene i verda, og blant dei 28 stavkyrkjene i Norge havnar Borgund stavkyrkje på ei topp ti-plassering.
- Landet som er mest kjent for sine fjordar og sitt arktiske landskap, er også det einaste landet i Nord-Europa med intakte trekyrkjer frå mellomalderen. Blant dei 28 stavkyrkjene i Norge, er Borgund stavkyrkje frå 1180, skriv nettsida i grunngjevinga.
Det vert også trekt fram at kyrkjebygget i Borgund er eit fantastisk eksempel på stavarkitetktur.
Dei fire utskorne draghovuda på taket til kyrkja får artikkelforfattaren til å tenkje på bygg frå det gamle Austen.
Interiøret til kyrkja har ikkje imponert særleg.
- Utanom nokre rader med benkar, eit enkelt alter og eit bord for å oppbevare religiøse gjenstandar, er det ikkje mykje å sjå inne i kyrkja, skriv artikkelforfattaren.
Han legg til at det fantastiske ytre gjer Borgund stavkyrkje vel verdt eit besøk.
Dei ti vakraste kyrkjene i verda ifølgje today.com er: