– Litt nervøs då bladet kom i hyllene.
Denne månaden er det Ragni Marita Solheim (19) frå Hyen som prydar Vi Menn sitt cover og fire heilsider inne i bladet.
– Det første eg la merke til var at der stod at eg var frå Florø! Eg er jo frå Hyen, flirer 19-åringen om artikkelen, som kom i sal for eit par dagar sidan.
Var nysgjerrig
Og kvifor stiller ho opp i bladet, som for første gong stod i hyllene i 1951?
– Eg er jo 19 år og følte for å finne på noko sprell. Eg spurde sambuaren min om det var greitt. Det var det. Så sendte eg inn informasjon om meg sjølv. Eg fekk ein liten klump i magen då Vi Menn-fotografen ringde meg opp att og spurde om eg kunne vere på plass i Oslo innan to dagar, fortel Solheim.
Modellyrke?
– Eg ville rett og slett prøve noko nytt, legg ho til. Men modellyrket har ho ikkje via så mange tankar.
– Nokon har sagt at eg burde jo satse på dette. Så kanskje det, seier Solheim, som til dagleg jobbar i butikk i Florø.
Ho hadde venta at det kom nokon negative kommentarar, men dei let vente på seg.
– Folk eg kjenner har vore veldig positive seier ho, og legg lattermildt til:
– Eg høyrde også at bladet var utselt nokre stader i Florø.
Ville ikkje bli framstilt som tøs
Litt nervepirrande var det likevel. Bileta var ho veldig nøgd med. Teksten var ho også letta over å lese.
– Bilete er ein ting. Det er jo kroppen min, men i ein tekst kan eg bli framstilt som noko anna enn eg er. Eg synest journalisten har gjort ein god jobb. Eg var redd for å bli framstilt som ei lita tøs, hehe.
Glad i musikk
I intervjuet med Vi Menn fortel ho om sine interesser, som mellom anna er musikken.
– Eg gjekk på musikklinja på vidaregåande, og er veldig glad i å syngje og spele fiolin, seier ho til bladet.
Og favorittane er Rihanna, Creedence og The Beatles.
Ho beskriv seg sjølv som energisk, rar, omsorgsfull, glad og surrete.
– Gav modellyrket meirsmak?
– Eg trur ikkje eg ville brukt all mi tid på det, men det var veldig artig, seier Ragni Marita Solheim.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir