11-åringen med toradaren var ikkje svar skuldig, då konferansier Åse Skjølberg Myklebust trekte han fram for ein prat på scenekanta etter valsen.
– Heilt utruleg! Eg kan ikkje beskrive det, sa guten, og hausta stor applaus. Dei fire 11 år gamle aurlendingane som valsa taktfast med kvar sin toradar, sette ord på korleis mange deltakarar i fylkesmønstringa kjende seg etter å ha framført sitt for jury og publikum.
Kontrastar
Bidraga til årets UKM (Ungdommens kulturmønstring) var jamt over gode, til dels svært gode. Men uttrykksformene varierte mykje: aurlendingane på toradar var ikkje åleine om å spele tradisjonell folkemusikk. Likevel måtte publikum førebu seg på nærast kva som helst, i kva rekkjefølgje som helst: rock, jazz, teater, klassisk ballett, jazzdans, hip hop, klassisk song og bolivianske strengeinstrument, for å nemne noko.
Frå himmel til helvete
Mest markant var truleg kontrasten frå Stine Larsen og Kristian Havn som med klokkeklåre, gripande stemmer song balladen «The Prayer» , avløyst av den liksminka metal-gruppa Nordim, som rallande og skrikande framførte den sjølvkomponerte «Fandens hevn».
Erlend Baugstø, Fredrik R. Larsen, Anders Myrbakk og Kjetil A. Sø vig utgjer Nordim, og representerte Flora kommune akkurat som balladesongarane Stine Larsen og Kristian Havn.
Eskils jul
Også på kunstutstillinga var spennvidda stor mellom uttrykksformene. Det figurative dominerte, men kom til uttrykk mellom anna som fargesprakande oljemåleri, enkle blyantteikningar, kollasjar og metallfigurar.
I Firda sin uvitskaplege spørjeundersøking kom florøvæ ringen Eskil Frøyen Nybø klart best ut med sin originale blyantteikning «Eskils jul» der ein gut speglar seg i ei juletrekule. Perspektivet er slik at tilskodaren føler at det er han sjø lv som held juletrekula framfor seg og ser sitt eige spegelbilete.