...
?Marius Seljeseth Osa (t.v.) og Leif- Harry Sunnarvik kjem seg ikkje lenger enn til Sørgardsfeltet i Eikefjord med tilbodet Trygt heim for ein 50-lapp. Gutane må anten gå 1,5 km for å komme seg heim eller betale 250 kroner i taxikostnader. Foto: Astrid Iren Solheim

Nekta å reise trygt heim for ein 50-lapp

Må gå 1,5 km eller betale 250 kroner for tilbodet

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 17.01.2011 kl 12:21 Oppdatert 17.01.2011 kl 12:53

Tips ein venn på e-post:


24 år gamle Leif- Harry Sunnarvik, Marius(20) og Arnt-Henning Seljeseth Osa i Eikefjord er frustrerte over det fylkeskommunale tilbodet «Trygt heim for ein 50-lapp».

Må gå eller punge ut

Gutane har valet mellom å punge ut 250 kroner i taxiutgifter eller gå 1,5 km i slapseføre nattetid for å komme seg heim etter ein bytur i Florø laurdagskveldar.

Årsaka er at taxisjåføren nektar å køyre lenger enn til Sørgardsfeltet, om lag 1,5 km frå Eikefjord sentrum, fortel eikefjordingen.

  • Er det greitt å måtte gå 1,5 km og betale 250 kroner for tilbodet Trygt heim for ein 50-lapp? Sei di meining

For Sunnarvik og kameratane er det då framleis 1,5 km til dei er heime i Sunnarvik.

Heim for 50 kroner

Ungdommar i Flora kan i helgane komme seg heim ved å betale 50 kroner gjennom det fylkeskommunale tilbodet Trygt heim for ein 50- lapp. Turen går mellom anna til Eikefjord og vidare til Sørgardsfeltet, men der stoppar altså køyreturen. Ifølgje Sunnarvik seier sjåføren at taxien i utgangspunktet ikkje går lenger enn til Eikefjord sentrum, men likevel køyrer sjåføren til Sørgardsfeltet.

... men må betale 250 kroner

– Om vi vel å ta taxi heim når vi har komme hit, nullstiller sjåføren taksameteret. Då er startsummen 150 kroner om sjåføren skal køyre oss heim. I tillegg må vi betale 50 kroner for turen og 50 kroner for kva tilbodet eigentleg kostar, og då er vi oppe i 250 kroner, seier Sunnarvik.

- Må greie å gå 1,5 km, eller så får dei halde seg heime

Firda-lesar Steinar Eide er på si side djupt ueinig i at tilbodet ikkje fungerer.

- Om dei ikkje greier å gå 1,5 km får dei heller halde seg heime. I mi tid måtte vi gå fleirfaldige kilometer, så dette må dei greie. I dag er trenden at ungdommar skal få alt gratis opp i hendene, meiner Eide.

  • Er du einig med Steinar Eide? Sei di meining

Fylkeskommunen vil ta opp saka med sjåførane

Eva Hamre i fylkeskommunen seier at dei vil ta opp saka med taxisjåførane, men at det ikkje er meininga at ungdommane skal bli køyrd heilt heim til ytterdøra.

Mest lese no

...

Snart halvvegs til toppen

Nyhende Ikkje mange har luftigare arbeidsplass Les meir

...

Trafikkaos på E39

Nyhende Utanlandsk tungtransport prøvde seg på Halbrendslia utan kjettingar. Det skapte timelange køar. Les meir

...

Landdeponi vert 100 m høgt og 750 m breitt

Nyhende Slik vert Redalen sjåande ut om ein vel landdeponi i samband med gruvedrifta i Vevring. Les meir

...

Set inn ei tredje ferje

Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.