Elevar med krafttak mot kreft

Klasse 9C ved Halbrend skule vil hjelpe til med å skaffe pengar til kreftforsking. Dessutan tener elevane ein slant sjølv også.

Stein-Arne Ottesen E-post
Publisert 06.03.2003 kl 08:41 Oppdatert 06.03.2003 kl 08:48

Tips ein venn på e-post:

SEL JAKKEMERKE: Malene Henden, Kine Sæterlid, Henri Eikenes, Simon Sæterlid og resten av elevane 9C er med på «Krafttak mot kreft».
SEL JAKKEMERKE: Malene Henden, Kine Sæterlid, Henri Eikenes, Simon Sæterlid og resten av elevane 9C er med på «Krafttak mot kreft». Foto: Kenneth Ø. Monsen

– Vi var med på dette i fjor og. Den gong trur eg vi selde tjue «pins» kvar. Målet er få seld same tal i år, seier Simon Sæterlid (14).

I desse dagar er dei 26 elevane i klasse 9C ute for å selje jakkemerke til inntekt for Den Norske Kreftforening. Organisasjonen har ein landsomfattande aksjon under nemninga «Krafttak mot kreft» gå ande.

– Kreftforeininga har som mål å overføre 125 millionar kroner til kreftforsking i år. Vi ville gjerne vere med på å samle inn litt av desse pengane, seier Henri Eikenes.

– I fjor var folk ganske greie. Dei kjøpte rubbel og bit av dei merka vi hadde, seier Malene Henden.

Kine Smedsrud innrømmer at motivasjonen for innsatsen er todelt.

– Klassa får femten prosent av inntektene. Det er gode pengar å ha med, all tid vi sparar til ein klassetur neste år.

Også niandeklassane ved Førde ungdomsskule er med på denne aksjonen.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.